I 1862 fann ein gjetargut den første gullklumpen på Lykling. Frå 1882-1910 vart det drive gullgruver i stor stil langsetter kvartsårene i Lyklingeberga, med 4-500 mann tilsett på det meste og omlag 200 kilo som total gullfangst. Tre store selskap, hovudsakleg finansiert og drivne av engelskmenn, men óg ei rekke enkeltmannsføretak, snudde den vesle bygda på hovudet i dei ca 25 åra gruvedrifta varte. To hotell, eit hotellskip, fleire bakeri og ei rekke sjapper av ulikt slag vart bygd opp kring gruvedrifta.