Fottur til Einehaugsfjellet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 7,6 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 679 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Einehaugfjellet ligg på austsida av Trodalsvatnet i Angedalen. Toppen er greiast gå til ifrå Eikeland. Du kan parker der det er merka til Trodalen, følge merkinga mot Trodalen til du kjem opp i ca. same høgda som vatnet, 410 moh. Det står eit skilt, av eldre årgang, der du skal ta av. Oppover herifrå er det litt merka med røde merker, kan vere vanskeleg å finne. Det er delvis tett vegetasjon med parti med open fin bjørkeskog. Her er det skikkeleg bratt til du kjem over skoggrensa.

Oppe på snaufjellet er det delvis god sti. Om du går ut mot kanten så du ser rett ned i Trodalsvatnet. Her er lett og fint å gå bortetter ryggen. Toppen har ingen varde, men er ein markert kolle. Du bør beregne litt lenger tid enn du til vanleg ville brukt på ein tur med tilsvarande stigning, i overkant av 650m stigning, på grunn av den bratte lia.

Adkomst med egen bil

Følg Angedalsvegen, Fv481, 12 km frå Førde sentrum til Eikeland. Det er merket parkeringsplass på venstre side sammen med infotavle om Trodalen.
Annonse

on the path