Breidalen rundt frå Langedalen (Gloppen)

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 15,4 km
  • 5 t, 30 min
  • Rundtur
  • 1750 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Vil du gå ein flott tur der du ikkje møter mange andre?

Turen startar frå parkeringsplassen i Langedalen, bru over elva og rett opp lia mot Busperaksla. Der er eit lite skilt og nokre merker oppover.

 I ca. 900 m høgde til venstre langs fjellhylle og vidare oppover mot toppen av Busperaksla (1119 m). (NB! Ikkje Busperaksla-Smørløysa). Her er spektakulær utsikt mot Langedalen og Sandane. 

Vidare over Ångsdalsegga og opp Blåfjellnova til Blåfjellet (1202 m). Deretter slakt nedover for enden av dalen til ca. 1100 m. Her har ein fin utsikt til Gjengedalsområdet. Vidare over Salen til høgaste punkt på turen 1320 m. Vardar viser veg nedover mot Nova og Salshylla som fører nedover mot Svarthammaren. Frå fjellryggen mot Svarthammaren vil eg tilrå å ta ned til høgre til Vesledalen i staden for å følgje GPS-sporet som ligg ved her. 

Heile turen går i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Kart 1:50000 - Ålfoten.

Adkomst med egen bil

Frå Sandane køyrer ein fylkesveg 615 mot Hyen. Etter ca. 3 km ta til venstre mot Rauset og etter knappe 2 km ta igjen til venstre mot Moane og bomveg til Langedalen. Køyr til parkeringsplassen i Langedalen.
Annonse

on the path