Rundtur til Eggi og Grånosene

Legg til huskeliste
Annonse
Denne rundturen er ei flott oppleving! Undervegs har du utsyn ned til fjorden og til fjella rundt, heilt inn mot Hurrungane. Høgdeskilnad: 660 m.

Du kan anten starte i Engjadalen, Nes eller Høyheimsvik. Frå alle startpunkta er det stigning til Flatningane. På Flatningane er det triveleg stølsatmosfære med slakare terreng. Følg merka sti vidare til oppover mot Eggi og Grånosene. Fleire stader får du mektig fjordutsikt og Feigefossen midt i mot på andre sida av fjorden. Frå toppen av Grånosene kan du sjå inn til Skjolden og Hurrungane.

Adkomst med egen bil

Køyr av fylkesveg 55 til Gaupne, og køyr rett fram i første kryss. Køyr oppover Engjadalsvegen. I vegkrysset mellom Brunestegen og Råum tek du vegen til høgre ( mot Råum). Etter nokre hundre meter kjem du til merka parkeringsplass.
Alternative startpunkt: Nes eller Høyheimsvik
Annonse