Dagsturhytta Fjellro ligg vakkert til med utsikt over Jølstravatnet. Dette er ein relativt kort tur som passar fjellvandrarar i ulike aldersgrupper. Om du ønsker å forlenge turen kan då gå vidare frå dagsturhytta og opp til Fyglastøylen.
På nettsidene til dagsturhytta.no står dette; "Dagsturhyttene er gratis tilgjengeleg for alle døgnet rundt, heile året. Målet med hyttene er å stimulere turglede i trygge rammer, med eit flott turmål 15-90 minuttars gange frå løypestart, der du kan spise matpakka di, varme (evt. tørke) kroppen ved peisen, og kose deg med bøker frå hyttebiblioteket. Dagsturhytta er di! Bruk hytta inne, ute og så ofte du vil. Og hugs at det også er alle andre si hytte, så respekter at andre kan bruke hytta mens du er der; og forlat hytta slik du vil finne den sjølv." Les meir om dagsturhyttene i lenke.
Turen startar på parkeringa ved Skei Hotel. Gå over Jølstravegen på gangfeltet før du går vestover på gangfeltet eit kort stykke. Gå så opp vegen til gardstunet som du passerer. Du tek av vegen og inn på sti etter å ha passert det siste huset i gardstunet. Etter å ha gått på sti eit kort stykke kjem du opp i ein skogsveg som du følgjer eit kort stykke. Her møter du eit stikryss rett under ein murbygning. Her startar rundturen og du må velje kva rute du vil gå opp og ned. Denne turskildringa vidare følgjer den nordlegaste ruta som går opp forbi murbygningen.
Frå murbygningen følgjer du sti i nordvestleg retning opp mot kraftlinja. Her møter du stien som kjem frå Skei skule, og du går ganske flatt eit kort stykke vestover før du igjen byrjar å gå oppover i nordvestlig retning mot Bjørnahi. Følg stien vidare i nordvestlig retning opp til dagsturhytta Fjellro.
Når du skal ned att går du vestover frå dagsturhytta. Etter eit stykke knekk stien nedover i sørleg retning, og Haugaelva er rett vest for deg. Stien dreiar så i søraustleg retning ned mot kraftlinja, der du held fram i austleg retning under kraftlinja og inn att mot stikrysset ved murbygget du passerte på veg opp. Frå her følgjer du same rute nedover som du gikk opp.
Tips
I tillegg til å starte turen ved Skei Hotel kan turen også startast ved å bruke sti som går til dagsturhytta frå både Skei skule og Panorama Camping.
Du har tatt det meste av høgder når du har nådd opp til dagsturhytta Fjellro. Turen vidare inn til Fyglastøylen går på fin sti med jamn stigning vidare nordover innover Fygladalen. Frå dagsturhytta er det godt merka og skilta opp til støylen. Det er flotte små badekulpar i Vaelva du går langs med opp til Fyglastøylen.
Fakta
Lengde er omlag 1,8 km kvar veg og 3,6 km t/r. Omlag 250 høgdemeter opp til dagsturhytta. Tid: 1 time opp og 2 timar t/r. Om du vel å gå vidare til Ftglastøylen må du legge til 1 time ekstra t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Køyr Jølstravegen (E39) til Skei i Jølster. Turstart ved Skei Hotell. Parkering der det er anvist for besøkande til dagsturhytta.
Ta buss til Skei i Jølster. Gå av busshaldeplass ved Skei Hotel.