Fottur til Hestanipen 509 moh

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 6,3 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 507 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Første del av turen går på traktorveg, vidare gjennom eit granskogsområde og etter kvart opnar landskapet seg og ein får ei fin utsikt oppover Vikedalsdalen. Etter ca. 2 km kjem ein til ei fritidshytte på venstre side. Her går ein vidare på traktorvegen, rundt ein liten hammar og til venstre bak hytta. Traktorvegen sluttar ved opent område like ovanfor hytta. Hold til høgre inn i bjørkeskogen der stien går vidare i vestlig retning mot toppen, der du vil finne turboka ved varden. Nyt utsikten i alle retningar.

Terreng:

Mesteparten av turen går på traktorveg, litt bratt midtvegs. Siste del er sti over myr/fuktig område.

Adkomst med egen bil

Tilkomst:
Hestenipen er det høgste punktet/nuten overfor kaien i Vikedal. Køyr til Vikedal og ta av frå Rv. 46 til Opsal, ved bru i Vikedal sentrum. Etter ca. 500 m kjem ein til gardsbruket Opsal, som tidlegare var ein gammal skrivargard. Ved den oransje driftsbygning startar turen – informasjonstavla står også her.

Parkering:
100 m lengre framme på venstre side, der eit raudt lagerbygg står på høgre side av vegen..
Annonse

on the path