SKUTEN er ein fin fjellknaus og åpen plass i skogen i Kirkeeidsmarka ca. 200 m. opp frå hovedvegen. Dette var ein av kvileplassane i råsa / stien opp til sætra i tidlegare tider. Turen startar ved riksveg 15 på Kirkeeide og går i jamn og slak stigning med delvis trapper av stein. Skuten er eit fint utsiktspunkt med benkar og ein gapahuk. Her er flott utsyn over Strynedalen og det er ein nytelse når ein er komne opp - tek ca. 30 min - og kan sjå elva som buktar seg i store svigar nedover dalen. Velstelte gardar under seg i dei ulike årstidene, og i vest skimtar ein Stryn sentrum. Dette er ein tur som både ungar, vaksne og eldre greier fint å gå i sitt eige tempo.
Ein kan også gå skogsvegen som går forbi Skuten.