Det er mange ruter til Haugsvarden, turen som går via Tystadstøylen er kanskje den aller finaste!
Frå parkeringsplassen tar det rundt 5 minutt å gå opp på støylen, der kan ein nyte utsikta over bl.a. Vereide og Anda. Der er eit steinbord og ein benk, så der kan ein setje seg enten ein berre vil ha ein kort tur, eller ein vil gå vidare.
For å gå på Varden går ein vidare opp på Lomhaugane. Der delar stien seg, og ein vel om ein vil gå til Lomvatnet (stien til høgre), eller om ein vil gå den litt kortare ruta. Dette er eit flatt parti før ein går opp siste bakken til Haugsvarden.
Sjølv om Haugsvarden "berre" er på 862 moh har ein nydeleg utsikt! Vi ser mellom anna Sandane, Lote, Hennebygda, Hopland og Innvik. Av fjell kan vi nemne Ryssdalshornet, Traudalsnibba, Morafta, Eikeneshesten, Hyeneshesten, sendaren på Lote, Kyrkjefjellet, Sunndalsnipa, Sunnmørsalpane, Skåla og Snønipa!
Turen tar ca 2 timar t/r