Følg merkinga nordover langs traktorvegen til enden av vegen. Vidare på sti forbi Stehoggestølen. Rett etter stølen tek ein til høgre over ei lita elv og fylgjer stien slakt oppover mot Lågeheia.
No svingar stien nordover og ein kjem inn i brattare terreng. Terrenget vidare mot toppen er lett kupert med nokre bratte parti. På toppen er det flott utsikt i alle retningar.
Det er mogeleg å forlenge turen til andre toppar som Blåfjellet og Krunene (umerka).
Teksten er henta frå Naustdal kommune/Over stokk og stein. Sjå link