Hornet frå Sørland om Skareide

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,2 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 500 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Frå Hornet er det fantastisk utsikt i alle retningar, t.d. ser ein Gjegnen rett over fjorden. Stien startar i siste svingen før Skareide. Der står kart over turen på steinmuren, rett før svingen. Gå vestover gjennom grinda. Stien svingar seg straks opp til venstre, så til høgre mot vest igjen. Etter ei stund går den forbi ein steinmur merkt "Brendeflata". Like før Hamnesselet, kjem du inn på stien frå Hamneset. Følg stien vidare til toppen. Terrenget vidare er lett og fint å gå. Omlag 3 km og 500 høgdemeter. Stien kan vere litt gjengrodd opp frå Skareide til Hamnessetra på sommaren, men framleis lett å finne medan ein går.

Det er fleire ruter opp til toppen av Hornet. Ein kan gå frå Torheim via Torheimssætra. Då parkerer ein ved Torheim Gartneri og følgjer gardsvegen rett opp om hovudhuset. Gå rett opp mot skogen der du straks kjem inn på stien. Omlag 4 km og 700 høgdemeter.

Frå Hamneset går det no ein ny skogsveg eit stykke oppover mot Hamnessætra. Omlag 4 km og 700 høgdemeter.

Frå Hanshjellen (på Hunvikfjellet) kan ein gå den lengste ruta til Hornet. Ein går vestover på merka sti mot Bjørnaskarnakken. Stien frå Bjørnaskarnakken er merka, men det er ikkje alltid like lett å finne den... Omlag 6 km ein veg, 500 høgdemeter. Det er ein del som går her på ski om vinteren.

Adkomst med egen bil

Følg fylkesveg 662 frå Nordfjordeid mot Torheim. Når du kjem til bygda sørland passerar du nokon hus før du svingar opp til venstre på ein grusveg. Følg grusvegen oppover til du kjem til ein velteplass i ein høgresving. Her kan ein parkere og følge grusvegen vidare oppover. Det heng eit litt utydlig skilt på fjellmuren som er merka Hornet og visar at ein skal gå i retning vest. Husk å latt att grindene.
Annonse

on the path