Brandsøyåsen med sine 290 høgdemeter og 360 graders utsikt, er Florøs mest besøkte byås og vel vert turen. Det er mange stiar opp til Brandsøyåsen.
Turen startar frå parkeringsplassen ved Kvernhuselva og går oppover til Tofleskardet. Det står skilt som viser til tursti. Det er god sti oppover og det er satt opp skilt. I Tofleskardet kjem du inn på stien som fører deg vidare opp, det er hovedstien som kjem frå Havhesten og Torvmyrane skule. På Litlevarden får du fin utsikt før resten av turen til toppen.
På toppen finn du varden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå.
På toppen er det gapahuk, kikkert og platting med bord og benker. Heile året og heile døgnet kan ein nyte utsikta frå toppen av Brandsøyåsen.
Turen ut mot utkikkspunktet, der du ser Baseområdet / Botnastranda i nord, kan du også ta som ein avstikker frå stien - der ruta går av og kjem innpå hovedstien. Les om turen til utkikkspunktet her: Brandsøyåsen - rundtur https://www.ut.no/tur/2.19226/
God tur
Fv 5704, Solheim ved parkeingsplassen - Kvernhuselva