Turen byrjar ved ferjekaien på Fodnes. Parker bilen på P-plass 50 m forbi kaien, ikkje køyr inn mot husa! Følg den private grusvegen til Fodnes, stien tek av til venstre omlag 30 før fjøsen, og følg godt merka og god sti oppover fjellryggen. Stien er rekna for ein av dei beste i Lærdal kommune. Det er stort sett torv med barnål, og ruta går i spredt furuskog. Ved sidan av stien ser ein stolpekar etter kraftlinja Fodnes – Lærdal. St. Olavskjelda har fått namnet sitt etter ei segn som seier at Heilage Olav reid her med hesten sin, og at hesten slo hoven i bakken og fann vatn.
Går du vidare oppover, kjem du fyrst til Stegen; eit flott utsiktspunkt på 565 moh. Vidare kan ein gå til Fagerset og over åsen til Stødno,nær Lærdalsøyri. (Sjå desse turane).