Fottur til Pissaren på Søgnesand

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 6,7 km
  • 4 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 665 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - sep

Fenomenet Pissaren kjem av ei utforming i fjellet som gjer at vatnet som kjem nedetter fjellsida møter ei 90 graders fjellhylle og gjer til at vass-spruten står rett ut av fjellsida. Eit spesielt og veldig artig naturfenomen på Søgnesand! I periodar med mykje nedbør, eller på varme sommardagar når det er mykje smelting frå breen, er Pissaren på sitt største.

Turen startar ved gardane på Søgnesand ved Kjøsnesfjorden og følgjer vestsida av Søgnesandselva oppover dalføret i sørlig retning. Du går langs vestsida av Søgnesandselva gjennom eit nydeleg beiteområde. Det går mykje geiter i området, som lagar sine heilt eigne stiar, så det er lurt å følgje dei raude merka oppover bakkane.

Når du kjem opp i Søgnesandsdalen flatar det ut litt. Her opnar det seg eit mektig syn med den bratte veggen til Søgnesandsnipa mot aust og brefallet til Grovabreen mot vest. Gjennom dalen må du krysse nokre små-elvar. Ver merksam på at det i periodar med mykje nedbør og bre-smelting, så kan det vere utfordrande å krysse nokre av elvane i dette partiet. Om du leitar litt finn du som oftast ein plass der det går an å krysse.

Vidare går du opp Kleiva, som er noko brattare parti på turen. Når du er komt opp Kleiva møter du Pissargrova. Denne må kryssast før du så svingar til høgre og føl Pissargrova på sørsida opp til du kjem til naturfenomenet. Her er Pissaren i all sin prakt, og det er berre å hive skjorta og komme seg i kalddusjen!

Tips
Turen er merka raud pga. at det i periodar kan vere utfordrande å passere elvefara du må forbi. Pga. at elvane veks opp når det er mykje nedbør, og mykje smelting frå breane, er dette ein tur ein berre bør gå når elvane er på det minste. I periodar med mykje varme kan det framleis vere stor vassføring pga. bresmelting. Ikkje ta sjansar ved elvepasseringane.

Fakta
Turen er på omlag 3,3 km kvar veg, og har stigning på omlag 650 høgdemeter. Tid: 2,5 time opp, og 4 -4,5 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Frå Skei køyrer du på riksveg 5 innover Kjøsnesfjorden. På Lunde, rett ved Kjøsnestunnelen, tek du av der det er skilta til Søgnesand. Køyr igjennom den smale Olatunellen og fram til gardane på Søgnesand. Her er det laga til skilta og oppmerka parkeringsplass du kan nytte.

Annonse

on the path