Fottur til Vårfjellet og Hammarsegga frå Gjesdalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,2 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 324 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Turen til Vårfjellet og Hammarsegga er ein kort utsiktstur på Vassenden. Sjølv om turmålet ikkje ligg så høgt får du stor og opa utsikt utover store delar av vestre delar av Jølster. Toppane er eit flott turmål store delar av fottursesongen. Når snøen framleis ligg på dei høgaste toppane om våren er det ofte nærmast snøfritt på Vårfjellet og Hammarsegga.

Turen startar ved skogsvegen der denne møter ein annan meir gjengrodd skogsveg som går i austleg retning oppover lia. Det er sett opp eit lite treskilt ved turstart der det står Vårfjellet. Turen startar i austleg retning på skogsveg som etter kvart svingar i nordvestleg retning. I enden av vegen tek du over på sti gjennom eit tett granfelt. Når du kjem ut av denne går du i myrlendt og noko vått ope terreng i nordleg retning. I dette området er det laga til nokre trebruer på dei våtasta punkta.

Når du er ferdig med det flate myrlendte partiet kjem du inn i open bjørkeskog. Her vert stien jamt brattare i det du dreier i søraustlig retning inn i eit beiteområde. Her møter du det brattaste partiet på turen (ingen luftige parti). Etter at du har gått bratt i omlag 100 høgdemeter flatar stien ut igjen. Då er du kome opp på ryggen der Kjelsnesstøylen ligg noko aust for deg på same høgdedraget. Siste stykke opp mot Vårfjellet går i lett fjellterreng med jamn stigning mot toppen. På Vårfjellet kan du skrive deg inn i boka i postkassa før du går vidare til Hammarsegga. Turen mellom toppane går i kupert terreng på sti laga av sauetråkk.

På Vårfjellet får du utsikt over Vassenden og nedover mot Eikås. På Hammarsegga får du utsikt til Ålhus og innover Jølstravatnet mot Klauva. Du har utsikt heile vegen på turen mellom dei to toppane.

Tips
Det er kort veg til Kjelsnesstøylen frå både Vårfjellet og Hammarsegga. Du kan lage ei runde ved å gå nedom støylen.

Frå Hamarsegga er det mogeleg å følgje dyretråkk vidare over myrane i Hamarsbotnen og bort til Holestøylen og Bakkestøylen (Hamarsbakkestøylen).

Fakta
Til Vårfjellet: Omlag 2,1 km ein veg. 330 høgdemeter. Tid: 1,5 time ein veg. 2,5 time t/r.
Til Hamarsegga: Omlag 2,6 km ein veg. 350 høgdemeter. Tid: 2 timar ein veg. 3 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Køyr av Jølstravegen (E39) over brua på Vassenden og inn på Nikolai Astrups veg. Følg denne vegen fram til fotballbane og Vassenden skule. Her tek du av opp Gjesdalsvegen. Følg denne til øverste gardane der du køyrer inn på skogsveien som ligg aust for Gjesdalselva. Betaling for å køyre på skogsveien er med Vipps.

Parker på flatene ganske kort tid etter at du har køyrt opp dei fleste høgdene og vegen byrjar å flate ut. Gå vidare på sklogsvegen i austleg retning i omlag 100-200 meter til der turen startar.

Parker slik at bilen ikkje er til hinder for gardsdrift, jakt eller trafikk på skogsveien.

Annonse

on the path