Gapahuken er arkitekt-teikna og ny i 2016. Her kan du lage mat på bål og ha ei fin overnatting, eller du kan berre ta deg ein kort skogstur!
Du parkerer på Åsebø og går på skogsveg bort til gapahuken. Det er tydeleg å sjå kvar ein skal gå. Det er i periodar litt vått og skite på skogsvegen.
Når ein fyrst er i området kan ein gå rundtur i skogen, her er skilta som viser kvar ein kan gå.
Frå parkeringsplassen til Gapahuken tar det ca 15 minutt ein veg for ein vaksen person.
NB! Parker slik at grunneigarane får arbeide på eigen grunn, td. må ein ikkje parkere slik at det er umogleg å kløyve ved. Maskiner må kunne passere. Parker langs med vegen.