Elvadalen, Munketrimmen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,1 km
  • 2 t
  • Rundtur
  • 156 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Parker ved Veisane barnehage. Derfrå går turen innover dalen på skogsveg. Innerst i dalen kjem ein nær dei to flotte fossane "Bjødnabykset" og "Skrikjo". Der er fint og setje seg ned og nyte naturen på benken og gjerne skrive navnet sitt i boka som ligg i postkassen. Vidare går turen over Tveitane. På Tveitane finn ein gamle gropeholer frå Istida samt dyrkingsfelt og frukttrær. Til slutt går turen ned til bilen ved barnehagen. Om vinteren er dette ein flott skitur, vegen har også tilknytting til ljosløypa nedanfor Tveitane.

Elvadalen er ein av turane i munketrimmen. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangør UTIL (Ullensvang turn- og idrottslag).

Adkomst med egen bil

Parker ved Veisane barnehage. Ta av ved riksveg 13, enten ved kyrkja eller i sentrum.

Adkomst med kollektivtransport

Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også her.
Annonse

on the path