Hardanger Fjellsti, Munketrimmen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Svært krevende fottur
  • 20,4 km
  • 6 t
  • Rundtur
  • 1418 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - sep

Hardanger fjellsti er ein fantastisk tur, der du opplever det å gå på "Vidda" i tillegg til Munketreppene. Ei godt bevart perle er nedstigningen langs Frøyneslia, som er noko ein bør oppleve på Lofthus. Dei 7 informasjonsskilta gjer god lærdom om flor og fauna i Hardangervidda nasjonalpark.

Opplev Hardangersk kultur og nydelege natur på denne eventyrlystne turen. Her går ein gjennom skogen, forbi dei berømte Munketreppene, før ein kjem til Hardangervidda der ein har ein spektakulær utsikt over fjorden og Folgefonna, 1,040m over havet. Ved å kryssa elva kan ein gå ned att via ”Frøyneslia”. På denne stien er det sju informasjonstavler som guidar deg gjennom turen. I alt sju temaskilt som har med kultur, natur og jakt på Hardangervidda å gjera, står no fint plassert i ei flott turløypa.

Rundløypa som går frå Lofthus til Lofthus, går opp ved Eidnes og ned Frøynes. Den er open for fastbuande så vel som turistar. Når ein har kome til Rjukan, er ein starten av Hardangervidda, og ser innover. Turen går vidare mot stølen Opesjo, langs elva. Før Opesjovatnet går turen over elva/ brua, her er eit informasjonsskilt. Vidar går turen mot skrikset og eit nytt skilt, før nedstiginga i Frøyneslia. Siste skilt står ved Stuvasete.

Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangør UTIL (Ullensvang turn- og idrottslag).

Adkomst med egen bil

Turen startar i Lofthus sentrum, og går opp via Eidnes/ alternativ Legena. Parkering i Lofthus sentrum, eller på Eidnes/ Legena. Hugs at turen endar på Frøynes, og det kan vera lurt å ordne transport.

Adkomst med kollektivtransport

Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også her.
Annonse

on the path