Dette er eit mykkje nytta turområde for folk som bur i Svortlandsområde og i
område Mæland/ Gilje. Turstart frå Svortland skule eller frå Mæland ved tidlegare
Bømlo Vaktmestertjeneste. Under Grimsfjellet står det ein jordgamme som er
open for turgåarar, men som ikkje bør nyttas, då taket byrjar å bli dårlig. Oppe på Mælandsåto har ein fantastisk utsikt frå "Karlsbu". Ta på støvlar dersom det har regna. 7.3 km. Løypa er godt merka og vedlikeholdt av Gutta på tur. Den er oppgradert til fleire alternative rundløyper og har tilsutningspunkt frå fleire stader. Er mykje brukt turområde.
- Adkomst
- Stoppesteder
- Google Maps
Adkomst med egen bil
Start ved Svortland Skule, eller parker ved snekkerverstad på Gilje (før Vaktmestertjeneste, gå 100 meter vestover hovudvegen til første sving. Der tek du første veg til høgre. Gå inn grinda på ein liten traktorveg.