Tur i Skrimfjella med topptur til Styggemannen 

Type:
Fottur
Lengde:
Ca. 21,7 km
Varighet:
2 dager, 4 dager +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Enkel +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Voksen, Barn, Senior
Område:
Sesong:
jun
jul
aug
sep
okt
Fylke: Buskerud
Profilbilde for Kristian Mjølsneset
Kristian Mjølsneset
Dag 1:
Kom fram til Støle parkeringsplass ca kl 23.00 og gjekk innover dei 1,5 km til Ivarsbu. Det var fint vær, så me tok fram soveposene og liggeunderlaget og sov ute på berga mot Store Stølevann.

Dag 2:
Vakna opp rundt klokka 10.00 til strålande sol og fint vær.

Byrja å gå innover mot Sørmyrseter ca. kl. 13.00. Halvannan time etterpå endte me opp ved Store kongstjern. Her var det ein fin plass å ta ein liten pause, eta nista vår og koke kaffi/rettikoppen. Etter ein god pause her fortsatte me vidare på den sørlige stien mot Sørmyrseter. Her gjekk me vidare langs den vestgåande stien til me kom til Øvre Urdstjerna. I ein søken etter å finna ein fin plass å slå leir gjekk me langs vatnet. Her var det for det meste myr, trær og generelt dårlige plassar å slå leir - difor fortsatte me oppover stigen mot Styggemann. Til slutt slo me leir ved eit vatn med litt storleik, då hadde klokka blitt rundt 20.00.

I rein gangtid bruka me rundt 3,5 timer frå Ivarsbu til det vatnet me slo leir.

Dag 3:
Med steikande sol vakna me klokka 08.00 dagen etter. Me vandra i veg rundt klokka 11:30 opp mot Styggemann. Etter ein del oppoverbakkar og klatring kom me fram til toppen av Styggemann kl 12.15.

Etter ein pause på omtrent ein time vandra me vidare sørover mot Jotefjellet ca. klokka 13.50. I håp om å vera på den same rasteplassen som sist tok me den nordlige stien mot Store Kongstjern, vel framme på rasteplassen fann me derimot ut at me berre ville fortsette. Då gjekk turen via Fantefjell på veg tilbake til Ivarsbu, kor me skulle slå leir. Me tok ein pause på Fantefjell og åt litt, ellers gjekk me berre i veg mot Ivarsbu.

Vel framme på Ivarsbu var me klokka 18.00, og hadde bruka rundt 4 timar på turen tilbake frå vatnet me hadde slått leir.

Dag 4:
Me sto opp tidleg og vandra dei 20 minutta det tok frå Ivarsbu til parkeringsplassen.

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.