Tursti fra Tonstad til Øksendal – Den gamle postvegen 

Type:
Fottur
Lengde:
Ca. 7,0 km
Varighet:
4 timer +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Voksen, Senior
Område:
Sesong:
Hele året
Fylke: Vest-Agder
Naturtriangelet
Dette er ein gamal ferdselsveg mellom Tonstad og Ovedal. Det er ein merka sti som startar ved Friluftsanlegget til Sira-Kvina kraftselskap utanfor Høgåsen bustadområde. Etter noko stigning så går den sørover langs Forkunndalen. Stien endar i “Nåve” litt innanfor Øksendal.

Undervegs på denne stien er det fleire stadar som har spor frå gamle segn. Det er ein heller/ur i Forkunndalen 750m nord for Løyntjødn, like nord for der Risbakkliè tek av mot aust. Dette er ein heller med ein liten livdemur under steinblokk. Her er plass til ein person, og den vender mot sør. Her budde Geite-Svein. (Frå Den Store Hellerboka, Torfinn Normann Hageland, 2008)
Geite-Svein.

Han var opphavleg frå Tonstad, men etter at han hadde gjort noko gale vart han dømd fredlaus. Etter det haldt han seg her i Forkunndalen. For å kunne overleve stal han geiter som gjekk på beite, og slakta dei. Det var difor han vart kalla Geite-Svein. Somme tider var han òg heime kring gardane om nettene for å stela krøter. Etter kvart vart det så mykje steling at folk samla seg for å ta han. Han var varsam med å gjera opp eld om dagane slik at dei ikkje skulle sjå røyken, men til slutt fann dei hòla hans, og dei fekk omringa og fakka han.

Det skal òg vera ei kvilehedle langs stien som har fått namnet “Birthes-spranget”. Det er òg ei flott, gamal furu her med inskripsjonar.

Høydeprofil

Annonse
Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.