Topptur til Molden - frå Krossen 

Type:
Fottur, Fjelltur, Topptur
Lengde:
Ca. 3,9 km
Varighet:
3 timer, 30 minutter +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Krevende +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Voksen, Barn
Område:
Sesong:
jun
jul
aug
sep
okt
Utsikt frå Molden

Utsikt frå Molden

Foto: Foto: Terje Rakke,Nordic Life/FjordNorge
Fylke: Sogn og Fjordane
Luster kommune
Den mest populære turen i Luster byr på nydeleg utsikt i alle retningar. Turen går i hovudsak på god sti i middels stigande terreng.

Det finaste utsiktspunktet i heile Luster, blir det ofte sagt om Molden. Her har du utsikt til fjorden i alle retningar. Du startar ved vegen til Mollandsmarki, akkurat i det vegen flatar ut etter stigninga opp frå vegkrysset der ein forlet riksveg 55. Like etter ferista tek du til venstre på skogsvegen og følgjer den i om lag 300 meter. Deretter til høgre på god sti, merka med raude punkt. Etter om lag ein kilometer inn på ny skogsveg og etter denne i om lag 600 meter. Du er då inne på stien nett der skogsvegen svingar skarpt til høgre. No går det raskt oppover, og etter ein liten kneik når du Svarthiller med flott utsikt utover fjorden og mot Ornes på den andre sida. Frå Svarthiller svingar stien 90 grader og går i slyng forbi bratte hamrar. Deretter flatar terrenget ut og det er rimeleg lett fram til toppvarden på Molden, 1116 meter over havet. Den aller finaste utsikta er nok på austsida, ut mot indre delar av Lustrafjorden, med Nes og Høyheimsvik nærast.Om sommaren kan ein tur til Molden ei skyfri natt vera ei oppleving. Ta med mat og drikke, samt varme klede og sjå sola stå opp over Jotunheimen ca. klokka 4 om morgonen.

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.