Vi jobber med å oppgradere UT.no! Ta gjerne en titt på betaversjonen på ny.ut.no. Du finner helt sikkert masse feil og mangler, men vi setter uansett stor pris på tilbakemeldinger.

Topptur til Solvorn-nipa 

Type:
Fottur, Fjelltur, Skogstur, Topptur
Lengde:
Ca. 11,0 km
Varighet:
6 timer +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Ekspert +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Voksen
Område:
Sesong:
jun
jul
aug
sep
okt
Fylke: Sogn og Fjordane
Luster kommune
Topptur til Solvorn-nipa via to stølar. Bratt enkelte stader. Solvornnipa byr på flott utsikt i alle himmelretningar. Høgdeskilnad: 1020 m.

Turomtale etappe for etappe

Solvorn –Setålen: Ein tur på ca 1 time. I starten følgjer ein den gamle stølsvegen til den møter skogsvegen. Her kan du velje to trasear vidare. a) Gå skogsvegen til stien på austsida av Setålen. Dette er den lettaste ruta. b) Det andre alternativet er å ta til høgre i krysset, følgja skogsvegen om lag 100 m for så å ta av og følgja den gamle stølsvegen opp Langebakken til stølen.

Ein rundtur er såleis fint mogleg her. Flott utsikt ventar på Setålen. Tidlegare var det fire sel på stølen. Kvart av hovudbruka hadde inngjerda slåtter med løer. Høyet vart køyrt til Solvorn med hest og slede om vinteren. Eit år det var snølaust sette dei opp løypestreng som ein enno kan sjå restane av.

Setålen – Fjellstølen: Denne turen tek 1/2-1 time. Vegen går i svingar i bratt terreng - først gjennom furuskog, sidan gjennom bjørkebeltet før det lysnar opp, og dei gamle stølstuftene på Fjellstølen dukkar opp med fine grasvollar og flott utsikt innover Lustrafjorden.


Fjellstølen – Solvorn-nipa: Turen vidare opp på Solvorn-nipa tek om lag 1 ½ time. Stien er merka innover Hestdalen forbi vasskiljet mot Sogndal. Her tek stien av opp langs bjørkelia over Blåberg. Landskapet opnar seg opp på baksida av Solvorn-nipa, og det er flott utsikt mot Barnsesfjorden og Sogndal. Over skogen er det mogeleg å gå dei fleste stader til varden på toppen 1031 m.o.h. På toppen kan du nyta flott utsikt mot Vetle-Haugmelen i søaust, Sogndal i sørvest, og innover Lustrafjorden mot Jotunheimen

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.