God og brei stig oppover til Kyrkjetjørni der det ligg ei staseleg gamal steinbu. Stigen går vidare til Versjøen like ved. For rundtur fylg stigen rundt heile Versjøen. Fint med ei pause ved den gamle driftehytta før heimvegen ned til Vealia. Ein dukkert i Versjøen på 1234 m.o.h vil garantert verke forfriskande ! Turen er berre skilta ved startpunktet i Vealia. Om ein berre går til steinbua mellom Kyrkjetjørn og Versjøen kan turen reknas som ein lett tur, og det vert ein fin tur å ta med born.
Turen er 19 km lang og varer ca 4-5 timar når du tek heile rundturen. Høgde 1040 - 1280 moh. Anbefalt kart: Reineskarvet 1 : 50 000
For detaljert kart og beskrivelse av turen kan du gå inn på turportalen i Ål www.aal52.no, tur nr. 3.4.
Slik kommer du deg dit
Adkomst
Stoppesteder
Google Maps
Adkomst med egen bil
Fv 244 til Votndalen, ta av mot Åsetno, forbi Nystølskyrkja, og fylg vegen til Vealia. Køyr forbi Betalingsbom.
Parker ved brua i Vealia.
Annonse
on the path
Feil eller mangler?
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.