Blæstergrende rundt - sykkeltur frå Dombås 

Type:
Sykkeltur
Lengde:
Ca. 14,3 km
Varighet:
1 time +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Barn
Område:
Sesong:
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Fylke: Oppland
Dovre Kommune

Om turen:

Turen går i vakkert kulturlandskap, med tradisjonsrike gardar i aktiv drift med produksjon av gras, mjølk og kjøt av sau eller storfe. Gardsdriften held også kulturlandskapet i hevd. Rundt sankthanstider og siste halvdel av august er det fôrhausting og travel aktivitet på jordene. Turen gir flott utsyn utover Gudbrandsdalen, både vestover mot Lesja og sørover til Dovre og Dovreskogen. Ein ser også fjellområda og nasjonalparkane som omkransar dalen mot Dovrefjell i nord, Reinheimen i vest og mot Dovre og Rondane nasjonalparkar i aust og sør.

Turbeskrivelse:

Turen Blæstergrende rundt er på ca 14 km og startar i Dombås. Følg vegen som er skilta til Blæstergrende, og som tar av fra E6 rett sør for butikken Bunnpris. Nedst i dei lange bakkane kryssar vegen brua over elva Lågen og Dombfossen. Dette er ein fin plass for ein stopp, men pass på mindre ungar, for elva er djup og har strid straum! Rett over brua følgjer du igjen skilt mot Blæstergrende og Brustugu. Her svingar vegen oppover i litt tung stigning. Blæstergrende er ei fin lita grend på toppen av bakkane, og utsikta til Dombås og fjella rundt er fantastisk! Namnet Blæstergrende minner om eldgamal aktivitet knytta til jernblæstring og utvinning av jern frå myrmalm. Vegen nordover frå Blæstergrende er ei lang, slak nedoverbakke heilt til krysset ved Brustugu. Her følgjer du skilting mot Jora og tar til høgre over brua over Lågen. Ved Brustugu renn Lågen roleg, og det er fint med ein rast. Vidare fram mot Joramo og vegkrysset med E 136 er det småbakkar og jamn, men ikkje bratt stigning. Ved E136 krysser du vegen forsiktig og sykler videre på gang- og sykkelvegen på brua over elva Jora og så vidare inn mot Dombås. Rett ved brua ligg gamle Jora mølle, der det frå gamalt var ein viktig liten industristad med mølle og elvekraftverk. Lenger opp i Jora kryssar Raumbana over gamle Jora bru, bygd ferdig i 1919. Dette er den nest lengste steinkvelvbrua i Noreg etter Orkla bru på Dovrebana. Rett før Dombås passerer ein Heimevernskolen, eit kurs og kompetansesenter for Heimevernet med stor øvingsaktivitet heile året. Denne turen kan også syklast motsatt veg. Aktive syklistar brukar under 1 time på runda, mosjonistar 1,5-2 timar. Ta deg gjerne meir tid!

Høydeprofil

Nyttige lenker

Sykkelutleie/service
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.