Bordvassvegen: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Legg til huskeliste
Annonse

Bordvassvegen er ein kulturstig der du følgjer ein gamal vassveg og får kjennskap til historia og tradisjonane rundt vatningskulturen i Lom. Turen går på solsida i slak helling og er ein fin tur også om vêret ikkje er det beste.

Kulturstigen har eigen informasjonstavle bak turistinformasjonen ved Norsk fjellsenter. Legg gjerne turen innom ...

Adkomst med egen bil

Det er fint å starte turen frå Fossbergom (Lom sentrum), gjerne frå Norsk fjellsenter. Det er stor parkeringsplass på motsatt side av Rv15.

Adkomst med kollektivtransport

Bussterminalen ligg like i nærleiken av Norsk fjellsenter - alt du treng å gjere er å gå bort til Bakeriet i Lom, krysse brua langs Rv15 og gå vegen opp ved Norsk fjellsenter.
Annonse