Vi jobber med å oppgradere UT.no! Ta gjerne en titt på betaversjonen på ny.ut.no. Du finner helt sikkert masse feil og mangler, men vi setter uansett stor pris på tilbakemeldinger.

Bergomsrunda: fottur i Lom nasjonalparklandsby 

Type:
Fottur
Lengde:
Ca. 5,9 km tur/retur
Varighet:
1 time, 30 minutter +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Enkel +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Barn
Område:
Sesong:
Hele året
Fylke: Oppland
Lom kommune

Lom sentrum, Fossbergom, er ein av fem tettstadar i Noreg som har status som nasjonalparklandsby, og er ein naturleg innfallsport til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Du finn mange merka fotturar rundt sentrum, men dersom du har lyst til ein enkel rusletur i sentrum kan du prøve Bergomsruta. Den er ikkje merka, men sentrum er likevel ganske oversikteleg å finne fram i :-) Her kan du mellom anna gå innom desse "attraksjonane":

Lom stavkyrkje

Lomskyrkja er ei av dei største stavkyrkjene i landet og er datert til å vera frå 1158-59. På 1600-talet vart kyrkja for lita, og ho vart bygd om til korskyrkje. Ved restaureringa i 1973 grov arkeologar under golvet i kyrkja, og gjorde mange svært interessante funn - mellom anna over 2000 myntar som er det største myntfunnet i ei norsk kyrkje. Kyrkja er framleis hovudkyrkje i Lom. Frå mai til september er det omvising kvar dag, elles i året på bestilling. Meir info: www.lomstavechurch.no

Loar

Her låg den gamle prestegarden i Lom. Den måtte i si tid tene som «hotell» for mange reisande, blant anna Ibsen. Då hovudbygningen brann ned i 1936 vedtok kommunestyret å byggje han opp att utvendig slik han var, men med ein moderne skule inni. I dag finn du bibliotek, stavkyrkjesenterog utsal av lokalprodusert handverk og suvenirar på Loar (Loarutsalget)

Steinfjoset

Steinfjoset er eineståande i sitt slag, og er i dag einaste originale bygning som står att etter den opphavlege prestegarden. Rundt 1870 fekk presten Honoratus Halling bygd fjoset i stein på prestegarden. Steinfjoset er i dag nytta som gymsal for barneskulen, og gjerne til utstillingar om sommaren.

Storstabburet

Storstabburet er frå 1613, og er det største stabburet i landet. Det står på sin opphavlege plass, og var tidlegare brukt som kornmagasin (tiendhus). I stabburet er det i dag ei flott utstilling om den gamle vatningskulturen i Ottadalsbygdene.

Lom Bygdamuseum - Presthaugen

Lom Bygdamuseum ligg i Presthaugen, som også er stemneplass i Lom. Friluftsmuseum med 22 verneverdige bygningar frå perioden 1613-1900. Museet er bygd som ein gamal Lomsgard slik gardane var for 150 år sidan, og gjev eit godt bilete av byggjeskikk og arbeidsliv i det gamle sjølvhushaldet. Til museet høyrer husmannsplass og seter, båe viktige delar av gardsmiljøet i Lom på 1800-talet. Det er merka stig rundt Presthaugen.

Norsk fjellsenter

Sjå utstillingar om folk og fjell og få informasjon om turar til fjells på Norsk fjellsenter! Fjellsenteret ligg i Lom sentrum og er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Her kan du ta ei pause ved bålet og bla i bøker frå fjellbiblioteket. I butikken på fjellsenteret kan du kjøpe turkart, fjellbøker for små og store, lokalt handverk og suvenirar.

Bakeriet i Lom

Eit av landets mest kjende bakeri, starta av meisterkokk og bakar Morten Schakenda. Stadig fleire legg turen innom Lom for å nyte den gode smaken. Matservering finn du elles på Smak i Lom, BrimiBue, Kuba Isbar, Amore, Fossberg, Fossheim,Nordal, Esso og Best.

Ulstadbrua

I Bøvra renn vatnet frå høgaste Jotunheimen, og vassføringa varierer gjennom året frå 1 m3 til 300 m3/sek i dei kvassaste flaumane. I Prestfossen har det vore sagbruk og mølle, og her vart eitt av dei fyrste fossekraftverka i Noreg sett i drift fyrst på 1920-talet.

Vassvaglen

Eit gamalt ordtak i Lom seier «Gjev Vårherre oss sol, skal oss skaffe væte sjølve». Vatn var ein knapp ressurs, og det var viktig at minst mogleg gjekk til spille. Vassvaglen viser korleis livgjevande vatn, ved hjelp av tro-system, kunne førast dit det var bruk for det. Ei tro kunne spikrast saman av bord (som her), eller holast ut av furustammer - som var det mest vanlege. Arkitekt for Vassvaglen og mykje av den nyare byggjestilen i Lom er Torbjørn Fjellstad. Vassvaglen vart reist av Lom kommune i 1985.

Tor Jonsson-steinen

Minnestein for den landskjende lyrikaren Tor Jonsson (1916-51), fødd og oppvaksen i Lom. Tor Jonsson tok sitt eige liv i 1951, og fekk Litteraturkritikarprisen post mortem. Også fleire forfattarar har røter i Lom; Knut Hamsun budde i Lom i barneåra og vart konfirmert i Lomskyrkja. Vera Henriksen vart fødd i Oslo, men busette seg seinare i Lom. Diktaren Olav Aukrust kjem òg i frå Lom, og du kan vitje heimstaden hans på garden Nordgard Aukrust. På Nordgard Aukrust har dei også gardsbutikk med eit stort utval økologiske urter og krydder, eigen urtehage og «urteri».

Fossheim Hotell

Medlem av «De historiske hotell og spisesteder». Fossheim har eit tradisjonsrikt kjøken som nyttar råvarer frå lokale gardar, fiskevatn og fjell. Det var her Arne Brimi fyrst vart inspirert til å skape Naturens Kjøken og fann fram til sin eigen matfilosofi. I tunet på Fossheim finn ein Gaukstadstugu frå 1650. Fossheim hotell, Fossberg hotell og Nordal turistsenter er alle familiedrivne hotell med meir enn hundre år lange tradisjonar, og same familiane har drivi dei heile tida.

Tidsaksen

Tidsaksen fylgjer delvis Bergomsrunda (markert med kvit stipla line) og gjev deg innblikk i Jorda si 4600 millionar år gamle historie. Eiga brosjyre om Tidsaksen får du på Fossheim Steinsenter.

Fossheim Steinsenter

Geologisk museum med den største utstillinga av norske mineral og smykkesteinar i landet. Galleri, smykkeutsal og verkstad der du kan få hjelp til å klassifisere steinfunn. Thulitt, «Noregs nasjonalstein», finst i Lia, og er ein fin dagstur for interesserte. Løyve får du hjå Fossheim Steinsenter.

 

Lom aktivitetspark

Lom er staden for å vere i aktivitet. Her finn du mellom anna eit klatretårn og fleire aktivitetsapparat som du kan legge turen innom. Bruk av klatretårnet går gjennom Aktiv i Lom

 Om lag 3 km frå Lom sentrum ligg Tronoberget klatrefelt. Klatring i Tronoberget skjer på eige ansvar. Det er laga ein klatreførar for Tronoberget klatrefelt.

Utleggsbrua

Brua er bygd som ei utleggsbru frå 1700-talet, og er ei vidareutvikling av dei eldste brukonstruksjonane vi kjenner - stokkar lagde over eit elvfar. Brua vart bygd i samarbeid mellom Stokk & Stein og tømrarlina på den vidaregåande skulen i Lom, og opna i 1993. Tidlegare har det vore ei utleggsbru på om lag same stad som i dag. Bøvra er ei typisk flaumelv som drenerer 850 km2 av det sentrale Jotunheimen og Bøverdalen. Namnet tyder «den bivrande» etter ljosspelet i vatnet.

Andvordsbrua

Gangbrua ved Lom Camping vart offisielt opna i juni 2016 og er ein del av Bergomsrunda.
Brua bind saman turstignettet på begge sider av elva Bøvre og er eit fint utgangspunkt for turar til m.a. Lomseggen, Bordvassvegen og Læshø. Frå brua kan du sjå innover vakre Bøverdalen som er starten på den nasjonale turistvegen over Sognefjellet, Nord-Europas høgaste fjellovergang (Fv 55). Bøverdalen er også eit naturleg utgangspunkt for turar i Jotunheimen og Breheimen nasjonalpark og til Norge sitt høgaste fjell,  Galdhøpiggen (2469 m.o.h.)

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.