Topptur til Våbrekkefjell, Vikebygd, 553 m.o.h. 

Type:
Fottur
Lengde:
Ca. 10,2 km
Varighet:
2 timer, 20 minutter +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Barn
Område:
Sesong:
Hele året
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper.

Føl grusvegen rake vegen oppover mot Vikestølen, ein vil etter kvart kome opp til Longavatnet, frå der føl ein vegen vidare langs sørsida av vatnet mot Vikestølen. I enden av vatnet (aust) stig vegen noko bratt oppover, då er ein i Feinsbrekka. Dette er ca. 4 km frå der ein starta turen. 
Oppe på flaten ca. 50 m etter Feiensbrekka, ved eit skilt ( det kjem etterkvart) tar ein av Vikestølsvegen og til høgre opp ein sti som går mot sør. Stien er merkja oppover gjennom skogen, her er det noko bratt i 400-500 meter til ein er over tregrensa. Det stig ein del etter dette og, før stien vender mot vest og ein for det meste føl steinvardar vidare opp Søre Vassheddene.  Ein går då på fjellryggen med Longvatnet på høgre handa, etter kvart vert det nokså slakt oppover mot den vesle varden på toppen av Våbrekkefjell. Etter ein rast på toppen, med flott utsikt er det tid for heimveg. Frå toppen går ferda ned frå fjellet sørvestover, ein vil då få eit flott utsyn mot det vakre Morgonsvatn-vassdraget, som stien passerer i tett ved. Vatnet i elva egnar seg godt til å stilla tørsten med. Vel nede ved elva som renn frå dette vassdraget føl ein merkja sti nordvestover, først over nokre myrar og knausar, deretter ned gjennom skogen til ein kjem ut att igjen på Vikestølsvegen ca. 2.5 km frå parkeringsplassen ved kyrkja. Då er det berre nedoverbakkar som står att av turen.

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.