Næring i Fjågesund. 

Type:
Fottur
Lengde:
Ca. 2,6 km
Varighet:
2 timer
Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her: http://www.ut.no/artikkel/1.6678864/
Gradering:
Middels
Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her: http://ut.no/artikkel/1.8404239/
Område:
Telemark - Lifjell
Sesong:
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Mot Ånås og Bandak - Foto: Roger Løfgren

Mot Ånås og Bandak

Foto: Roger Løfgren

Kviteseid Turlag

Næring (776moh) ligg rett sør for Fjågesund, og har ei bratt nordside og nokre slakare sørside, der turstien går til toppen. Namnet Næring kjem trulig av bratt og framstikkande fjellformasjon (kfr. Nare, Napen, Nup mv), men kan og ha samanheng med det næringsrike jordsmonnet i området, noko ein ser på plantelivet og den frodige granskogen.

Turstien startar ved Knarrbua (539 moh), der det er parkeringsplass, og går seinare forbi den fråflytta plassen Solli. Når ein seinare møter enden av skogsbilvegen, held ein fram på relativt bratte traktorvegar, før ein på ny går over i ope skogsterreng mot toppen.

Her får ein fin utsikt over delar av Telemarkskanalen og fjella rundt på alle kantar. Ein ser over til Ånås og til Vealøs og Jonsknuten.

Telenor har antenneanlegg på toppen av Næring. Dette krev tilsyn, og derfor er det tidvis ATV-spor i terrenget langs fast trase.

Turen til Næring er på ca 2,5 km og går i jamnt stigande terreng, med slakare parti innimellom.

Særmerkt for delar av området er relativt store hogstflater, som gjer at ein får vidt utsyn på turen mot toppen.

God topptur!

Fylke: Telemark

Høydeprofil