Skafonnfjellet og Høgenipa frå Fossheimsdalen 

Type:
Fottur, Fjelltur
Lengde:
Ca. 5,2 km
Varighet:
4 timer +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Barn
Område:
Sesong:
jul
aug
sep
okt
Fylke: Sogn og Fjordane
Profilbilde for Anne Cecilie Kapstad
Anne Cecilie Kapstad

Denne turen gir deg vandring på toppane langs fjellrekka i Køsnesfjorden, og byr på nydeleg utsikt i vakkert fjellterreng. Ekstra positivt at det er ein relativt lett tur å gå sidan terrenget er som skapt for fjellvandring. Turen er godt merka med skilt og raude merke. God og tydeleg sti nesten heile vegen. 

Turstart frå parkering ved dammen i Fossheimsdalen, og vidare opp til utsiktspunktet Nyken (sjå lenke). Noko vått og myrlendt terreng opp til Nyken. Her i frå og opp til Løkjabotsegga, og vidare til Skafonnfjellet, vert terrenget tørrare og lettare å gå i. Noko bratt opp frå Nyken før terrenget flatar ut inn mot "foten" opp til Skafonnfjellet. Du har nydeleg utsikt mot Jølstravatnet i vest heile vegen, og når du nærmar deg Skafonnfjellet får du gradvis flott utsikt innover den nydelege Fossheimsdalen. 

På toppen av Skafonnfjellet får du utsikt mot Kjøsnesfjorden, og dei dramatske fjella omkring. Frå Skafonnfjellet går du i kupert og lett terreng langs ryggen mot Høgenipa. På Høgenipa er det bok å skrive namnet sitt i.

Turen opp tek kring 2-3 timar. Frå Skafonnfjellet til Høgenipa må du gå nokre høgdemeter opp og ned langs ryggen. Om du skal gå same veg i retur er det greit å hugse på at du har nokre motabakkar igjen på returen langs ryggen. Du går på brei rygg heile vegen frå Skafonnfjellet til Høgenipa. Du passerer ingen punkt som er luftige. Fjellsidene er bratte på begge sidene av ryggen, så du bør kunne orientere med kart/kompass dersom du går turen i tåke. 

Eit alternativ til retur er å gå frå Høgenipa og vidare attende til Fossheimsdalen ved å følgje ruta mot Dammen (5,0 km frå Høgenipa). Denne er merka med raud vanskegrad av dei som har merka stiane i området. Du kan også lage ein fin rundtur ved å kombinere turen til både Skafonfjellet og/eller Høgenipa ved å også passere Kleivafjellet og Vikastøylen. Sjå lenke til denne turen. 

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.