Tur til Longavatnet, via Børkjelannsskaret. Vikebygd 

Type:
Fottur, Skogstur, Fjelltur
Lengde:
Ca. 7,3 km
Varighet:
1 time, 40 minutter +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Enkel +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Barn
Område:
Sesong:
Hele året
Buskarehompen sett frå austsida

Buskarehompen sett frå austsida

Foto: Roald Årvik Bilde fra Tur til Longavatnet, via Børkjelannsskaret. Vikebygd av Roald Årvik. Tilgjengelig under en CC BY-NC-SA 4.0 lisens.
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Denne turen startar med bygdehuset i Vikebygd og går opp Børkjelannsskar, og frå toppen av dette så går stien vidare på nordsida ab Buskarehompen, mot foten av Trodlafjell.  Herifrå går stien ned til Longavatnet, og nedvVikestølsvegen tilbake til Vikebygd.

 

Frå bygdehuset så føl ein grusveg innover og tar til venstre inn på traktorveg der vegen deler seg, der står det og skilt mot Trodlanibbå, ein skal følja same vegen som ein brukar opp Trodlanibbå til ein er vel opp Børkjelandsskar.

Ein føl Traktorvegen bortover og oppover inn i skogen, like etter ein passerar eit skilt som syner vegen opp til Dyraskorfjell så tar ein av til høgre og ut av traktorvegen, det er der traktorvegen gjer ein krapp sving til venstre og oppover.  Ein har då gått ca. 700-800 meter frå bygdahuset,

Frå her så går ein vidare på ein sti igjennom skogen til ein kjem ut på nok ein traktorveg, her held ein til venstre heile vegen på dei stdane vegen deler seg, og etter kvart så stig traktorvegen nokså bratt til den endar.  Her går ein vidare på ein sti igjen, det kjem eit nokså vått og bratt parti på ein ca. 100 m, før landskapet byrjar å opne seg ved Smalaklatt, og ein får ei fin utsikt over Vikebygd. Herifrå stig det igjen ein heil del og det er noko vått some stadar.

Etter ei stund kjem ein til Børkjelannsskar. Men like før ein er i skaret så går ein forbi ei gammal kongegarv, soga seier at her er ein småkonge gravlagd.  Han klart kanskje ikkje meir på turen oppover mot fjellet, og vart lagd i jord der han stupte, kven veit?

Vel oppe Børkjelannsskaret, så kjem ein til eit vegskilje, der ein kan gå mot Trodlanibbå, eller leggja kursen mot Longavatn.  Ein er no akkurat i tregrensa, og terrenget er i det store og heile ope. Ein går austover mot Longavatn, og ein har ca. 1 km med gange til ein er framme med foten av Trodlafjellet. Ikkje lenge etter skiltet så kryssar ein i utkansten av ein myr før ein stig litt i terrenget på nordsida av Buskarehompen.  Stien passerar kloss inntil Buskarehompen på høgre side ( sør ), og ein bør bruke det eine minuttet det tar og stiga opp til toppen på hompen og få litt utsikt over terrenget.Frå Buskarehompen  så følgjer det meir myrlendt terreng, før ein stig litt i det ein kryssar bekken frå Trollavatnet og snur kursen sørover.

Etter ei lita stund så er ein ved eit nytt vegskilje, her går ein rett fram med kurs mot Longavatnet, det er no ca. 700 meter ned til vatnet.  Herfrå blir det først noko myrlendt før stien stupar ned under tregrensa og det blir noko tørrare i gjennom skogen ned til vatnet.

Ved vatnet så kjem ein inn på Vikestølsvegen, den følgjer ein nedover i ca. 2 km til ein er ute av skogen og på innmark.  Like etter brua over elva så deler vegen seg, her tar ein vegen til høgre nedover til fylkesvegen.

Ved fylkesvegen tar ein til høgre, og går nordover dei siste 800 metrane attende til utgangspunktet for turen, Vikebygd Bygdahus.

Høydeprofil

Nyttige lenker

Trodlanibbå
Trodlafjell
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.