Hardhausen, 6 toppars tur i Vikebygd. Frå Skartland til Bjordal 

Type:
Fottur, Fjelltur, Skogstur
Lengde:
Ca. 20,0 km
Varighet:
7 timer +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Krevende +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Område:
Sesong:
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Dette er ein tur som startar ved Skartland, og går til Bjordal, via 6 toppar i Vikebygd fjella.  Turen Hardhausen vert arrangert siste søndag i oktober av speidarane i Vikebygd, då samlar ein inn turbøkene på desse 6 toppane.

Turen går via Såto, Trodlanibbå, Trodlafjell, Ulserhaug, Sætrafjellet og Bårefjell.  Det er merka veg heile vegen, både med skilt merkjepinnar, små vardar etc.
Turen er ikkje beskrive veldig detaljert, men nokon detaljer frå starten på turen slik at ein kjem rett i veg.  Elles så er det ei grov beskriving av turen, med unntak av partiet frå Longavatnet til Morgonsvatnet, som ikkje finnes på andre UT.no turar.  Lenkjene nedanfor gjev deg meir detaljer, om dei forskjellige etappane mellom fjelltoppane.

Turen startar nede ved fylkesvegen og ein tar inn på skogsvegen som har retning nordover i starten, ein føl den oppover, igjennom ei grind, i ca. 500 meter før vegen svingar skarpt til venstre og går over på ein sti, som først går mot nord i vel 100 m før den svinga sørover og oppover mot Såto igjen.  Såto, 266 m.o.h. er første toppen som skal beseirast.  Denne første etappen er på ca. 1.5 km.

Frå Såto så er det ca. 4.2 km til Trodlanibbå.  Frå Såtå så går ein i retning Dyraskårsvatnet, som ligg på vel 400 meters høgde, ein føl vatnet på austsida og sørover, og stig vidare i terrenget fram mot Trodlanibbå, 531 m.o.h.  Trodlanibbå er topp nr. 2.

Frå Trodlanibbå så går ein austover i ein halvbue innom Skrefjellet fram til toppen av Vikebygd sitt høgaste fjell, Trodlafjell, 637 m.o.h., som er topp nr. 3 på turen.  Denne etappen er på ca. 2.6 km.

Frå Trodlafjellet så ber det nedover vel 300 høgdemeter og ca. 1.7 km ned til Longavatnet, der det er på tide med ei matøkt før neste lange og kanskje mest krevjande etappen fram til Ulserhaug står for tur.  Denne etappen er på om lag 3.5 km, og ein stig nesten 350 høgdemeter.

Det er litt vanskeleg å finna stien frå Longavatnet og vidare, men når ein kjem ned på grusvegen, Vikestølsvegen, ved vatnet så tar ein til venstre over brua, og så med ein gong til høgre ned ein liten bakke.  Så går stien litt oppover haug og hammar, innom nokre tunge myrar før ein får det siste tunge partiet oppover mot Morgonsvatnet.  Like før inngangen til Morgonsvatnvassdraget så flatar stien ut i det ein får Fossasåto på høgre side.

Stien går no vidare på vestsida av Morgonsvatnet før den stig oppover mot Ulserhaug, i starten i nokre tunge våte partie, før ein på slutten er på meir lettgådd fjellgrunn.  På den siste delen av etappen så har ein fin utsikt over Mørkedalsvatna på si høgre side.  Om litte er ein oppe på Ulserhaug, 631 m.o.h., som er topp 4 på turen.

Neste etappe er no mot Sætrafjellet, den er på ca. 2.7 km, og kryssar mellom Indre -og Midtre Mørkedalsvatn, før den går på nordsida av Midtre -og ytre Mørekedalsvatn, og kryssar vidare sør for Holmavatn, før det ber oppover mot skaret i Bekkjardalsfjell, og derifrå nedover og bortover mot Sætrafjell 524 m.o.h..  Sætrafjellet er topp nr 5 på turen.

Neste etappe går til Bårefjell, ein går vidare søraustover mot Sætrasteigane og føl ryggen ned og sørover til Grautavatn. Ein går videre eit godt stykke langs vestsida av Grautavatnet før ein skjer litt nedover ein dal, for så å stiga opp mot Bårefjell frå nordsida
Bårefjell, 400 m.o.h. er siste topp på Hardhausen, etappen frå Sætrafjellet til Bårefjell er på ca. 3.0 km.

Då står det igjen berre ca. 1.3 km med gange, for det meste på traktorveg ned til Bjordal, så kan ein kalla seg hardhaus.

 

 

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.