Skartland-Vikebygd via Dyraskarsvatnet, indre leia 

Type:
Fottur, Fjelltur
Lengde:
Ca. 8,4 km
Varighet:
2 timer, 30 minutter +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Område:
Sesong:
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Dette er ein tur som startar ved Skartland, der ein går via Såto og Dyrskarsvatn fram til Trodlanibbå, og ned til bygdahuset i Vikebygd.  Det er den indre leia frå Skartland til Vikebygd via fjellet.


Turen startar nede ved fylkesvegen og ein tar inn på skogsvegen som har retning nordover i starten, ein føl den oppover, igjennom ei grind, i ca. 500 meter før vegen svingar skarpt til venstre og går over på ein sti, som først går mot nord i vel 100 m før den svinga sørover og oppover mot Såto igjen.

Etter ca. 1 km gange i ikkje alt for bratt terreng så er ein på toppen av Såto, her er det skilt som syner veien vidare. Frå Såto går ein sørover, først ned ei lita dump til ein kjem til eit skilt der stien delar seg, her tar ein til venstre mot Dyrskarvatnet.

Frå Såto så er det ca. 1.8 km til Dyraskorvatn. Stien frå Såto til Dyrasskog går i vekslande terrreng i gjennom furuskog og noko myrlendt landskap til ein er over tregrensa i nordre enden av Dyraskarvatnet, 449 m.o.h.   Llike før ein kjem fram til Dyraskarvatnet kan ein, litt avhengig av vassføringa, sjå ein liten foss, den heiter Dei Svarte Fossane.

Ein kryssar bekken frå Dyraskosrvatnet heilt inntil vatnet og går så vidare på fjellryggen på austsida av vatnet, her er det fint terreng og det er ope og fritt.  Når ein har gått til enden av vatnet så går stien inn på litt myrlendt terreng før ein passerar austsida av ei lita tjørn, og terrenget blir noko fastare og tørrare. Sidan Dyrskarsvatnet har det vore lite stigning, og slik fortset det fram til ein kryssar utkanten av ei lita myr/tjørn ved Dei Grøne Liane og får ei noko bratt stigning opp ei skrent.

Vel oppe på skrenta så går stien no i nokså slak stigning i ca. 800 meter fram til Trodlanibbå.  Her er det nokså tørt å gå.

Vel framme ved Trodlanibbå, 531 m.o.h., så lyt ein setje seg ned og nyta utsikten over Vikebygd og vide omkring.  Her ligg det og turpostkasse som i sommarhalvåret inneheld ei bok.

Frå Trodlanibbå så går turen nokså bratt nedover i 700 meter, før ein er ved eit vegkryss øvst i Børkjelandsskaret. Her tek ein til høgre og går ned Børkjelandsskaret og vidare bortover det flate partiet som heiter Smalaklatt.  Nedst i Børkjelanddskaret så går ein forbi ei steingrav, som i fylgje segnet skal vera den siste kvilestaden til ein småkonge.
 

Etter Smalaklatt så ber det nedover igjen, først eit nokså vått parti, før ein kjem inn på ein skogsveg, denne føl ein nedover til denne deler seg, i krysset held ein til høgre, mot nord, og inn på ein sti som ein føl i ca. 400 meter til ein er fremme ved ein ny skogsveg. Denne føl ein nedover i ca. 700 meter til ein er fremme ved bygdehuset i Vikebygd og i mål for turen.

 

Høydeprofil

Nyttige lenker

Såto
Dyrskarvatn
Trodlanibbå
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.