Bjordal-Vikebygd, via Bårefjell og Sætrafjellet 

Type:
Fottur, Fjelltur
Lengde:
Ca. 7,7 km
Varighet:
2 timer, 20 minutter +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Område:
Sesong:
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Denne turen går frå Bjordal til kyrkja i Vikebygd, via toppane Bårefjell og Sætrafjellet. 

Turen startar nede ved Bjordalstunet, og ein føl kommunevegen mot vest i ca. 100 m før ein tar til høgre bak ein låve og inn på ein traktorveg.  Traktorvegen går først langs innmark, før den går inn i bjørkeskogen.  Denne traktorvegen skal ein følgje i ca. 900 meter til den er oppe på ei flate. 

Traktorvegen stig nokså krapt etter kvart, og den buktar seg i nokre store svingar på slutten før ein er oppe på ei  flate. I det vegen flatar ut ved eit gjerdeskilje, så tar ein til venstre opp ei bratt skrent.  Det er litt bratt dei fyrste 100 metrane, men så flatar det noko ut og ein går langs sørsida av Bårefjell før ein svingar litt nordvest og er på toppen av Bårefjell, 400 m.o.h..

Frå Bårefjell så går ein ned rett bak vestsida av toppen og svingar så nordover med Sætrafjellet som neste mål.  Ein går då ned frå denne toppen på nordsida ein vel 70 høgdemeter på godt merkja sti igjennom for det meste bjørkeskog til ein kjem ned på myrlendt terreng i eit par hundre meter før ein igjen stig oppover ei berg/fjellside i retning Grautavatnet og stien flatar ut att  Her skal ein leggje merkje til små vardar, som vitnar om at dette er ein sti frå gammalt av. Ein er no over tregrensa og det det vert ei stund til ein skal dukka ned i skog igjen  Etter ca. 400 meters gange så er ein framme ved Grautavatnet.

Det er no ca. 1.7 km til toppen av Sætrafjellet. Stien føl vasskanten på vestsida og nordsida, før den kryssar ein bekk mellom Litle Grautavatn på nordsida og Grautvatn på sørsida.  Frå her så stig det oppover langs ein rygg opp mot Sætrastegane, her er det for det meste fjellgrunn og gå på.  På toppen av Sætrastegane så svingar stien litt i austleg retning og ein får eit stykke med flatt terreng og litt blautare.

Dertter svingar stien mot nordvest og den stig no ganske jamt nokre få hundre meter, før det flatar litt ut og stien kryssar ei myr på nordsida av den vesle tjørna på austsida av Sætrafjellet.  Då er det berre ei lita stigning så er ein opp på toppen av Sætrafjellet, 524 m.o.h.

På toppen er det godt utsyn utover heile Ålfjorden, både nord -og sørover. Sætrafjellet ligg rett ovanfor og aust for badeplassen Skjeljavika. Her ligg det ein turpostkasse der det er ei bok i sommarhalvåret for den som vil føra inn namnet sitt.  Sætrafjeller er topp nr. 4 i den kjende Hardhausen, "6 toppar på ein dag" turen i Vikebygd.

Ein er no godt og vel halvvegs på vegen mot Vikebygd, etter ein rast på toppen.  Så føl ein no stien nedover nordsida av Sætrafjellet, på litt variert terreng, frå tørr fin sti til litt meir myrlendt, stien har eit par små stigningar før ein kjem fram til toppen av eit lite skar ovanfor Stemmevatna.  Ein går ned skaret og kryssar bekken som skil Stemmevatna, og går langs vasskanten på austsida av de vesle vatnet.  I enden å dette er det ein stem frå gamalt av.

Frå vatnet så føle ein bekken som renn nedover Budalen i ca. 150 meter, før stien dreie autover mot Slåtteskarnuten, en går langs denne nuten til ein kjem fram til eit vegskilje der ein kan gå opp på Slåtteskarnuten på merkja sti, det er berer 200 meter opp til toppen.  Frå dette vegskiljet så forset stien i nordaustleg retning mot sjølve Slåtteskar.  Ein går ned skaret og kryssar ei lita myr, før det ber nedover ein rygg på vestsida av Røssedalen.

Stien går snart inn i furuskog, men undervegs så er det eit par fine utsiktspunkt, som ein bør stoppe opp på.  Stien føl ryggen i ca. 400 meter før den svingar litt austover og går vidare langs ein bekk i ca. 200 meter før ein kryssar bekken mot aust.  Ikkje lenge etter så er ein ute av skogen og på toppen av ein skogsveg.


Ein føl skogsvegen nedover i 400-500 til Jupava, her ein kjem inn på Vikstølsveien, ein grusveg.  Her tar ein til venstre rake vegen nedover, og etter ca. 900 meter spå er ein i mål nede ved kyrkja i Vikebygd.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.