Ulserhaug-Sætrafjellet, Vikebygd 

Type:
Fottur, Fjelltur
Lengde:
Ca. 2,7 km
Varighet:
1 time +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Område:
Sesong:
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Ved nordenden av yte Mørkedalsvatn

Ved nordenden av yte Mørkedalsvatn

Foto: Roald Årvik Bilde fra Ulserhaug-Sætrafjellet, Vikebygd av Roald Årvik. Tilgjengelig under en CC BY-NC-SA 4.0 lisens.
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Denne turen startar frå toppen av Ulserhaug 631 m.o.h. og går vestover til Sætrafjellet, 524 m.o.h. til Ulserhaug kan ein koma på fleire måtar, og frå Sætrafjellet går det fleire stiar vidare, sjå lenkjer nedanfor.

Frå toppen av Ulserhaug så går ein ned frå toppen mot nordvest og fortsett i same leia nord vestover på myrer og nedover tuver og lyng ned mot vest enden av Indre Mørkedalsvatnet.  Ned til vatnet er det ca. 1 km. frå toppen.

Ein går langs vatnet og kryssar bekken som renn på vestsida, og tek deretter ned ei bratt og litt urete skrent ned mot Midtre Mørkedalsvatnet, dette går ein langsmed på nordsida, før ein går ned ein bakke mot nordenden på ytre Mørkedalsvatnet.  Så er det eit bitte lite stykke opp på ei myr flate, der det er eit vegskilje der, her skal ein ta til venstre, vestover, mot Sætrafjellet.

Ein går først bortover og litt oppover ei myr mot aust enden av Holmavatnet, der ein passerar og stig opp på eit tørrare bergparti. Deretter går stien går inn i eit noko tungt parti, i det den stig oppover mot Bekkjardalsfjell.  Ein får her ei god stigning på ca. 300 meter på lyng og tuver, opp mot skaret i Bekkjardalsfjell. 

Frå skaret i Bekkjardalsfjell så går det bratt nedover i ca. 60 høgdemeter til ein kryssar enden på ei myr og opp ein liten bakke før det flatar litt ut att mot nordsida av tjørnet nedanfor Sætrafjellet.  Derifrå så er det ca. 200 meter lettgådde meter opp til toppen av Sætrafjellet.

Sætrafjellet ligg rett ovanfor og aust for badeplassen Skjeljavika. Her ligg det ein turpostkasse der det er ei bok i sommarhalvåret for den som vil føra inn namnet sitt.  Sætrafjeller er topp nr. 4 i den kjende Hardahusen, "6 toppar på ein dag" turen i Vikebygd.

 

 

 

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.