Vikebygd-Ulserhaug, 631 moh 

Type:
Fottur, Fjelltur
Lengde:
Ca. 5,1 km
Varighet:
1 time, 30 minutter +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Område:
Sesong:
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Denne turen går frå kyrkja i Vikebygd og opp til toppen av Ulserhaug, 631 m.o.h., ruta går via Børkjelivatnet.

Frå kyrkja gå opp mot krysset ved fylkesvegen, ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30 meter. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper.
Føl grusvegen rake vegen oppover til Vassverket sitt reinseanlegget, ved vassverket tar ein til høgre opp ein traktorveg.  Herifrå er det ca. 2 km med stigning før ein er oppe ved Børkjelivatnet på ca. 480 m.o.h.

Ein følgjer skogsvegen i ca. 400 meter til den går over til ein sti som buktar seg oppover i bjørke og- furuskog.  Stien er for det meste tørr, og det er eit fint terreng å gå i, sjølv om det er eit par bratte parti underveis. Lia oppover her heiter Indre Børkjelia, like under tregrensa så byrjar det å flate ut.  Når ein over tregrensa så er det ca. 800 meter nokså slakt opp til Børkjelivatnet, det er nokolunde tørr sti opp mot vatnet, med nokre få litt blautare parti. Den første halvdelen opp mot vatnet går stien sørover på ein rygg like aust om Hestadalen, før den svingar litt meir på aust opp mot vatnet.

Oppe ved Børkjelivatnet så skal ein ta til høgre, på vestsida av vatnet, det er eit vegkryss der som er skilta.  Stien går no vidare langs vatnet i fint terreng og med fin utsikt over vatnet etter kvart ein stig i terrenget.  Etter ca. 400 meters gange så er ein i søre enden av vatnet.

Herifrå går stien på for det mest på fjellgrunn i ca. 400 flate meter, til den går over på noko myrlendt i det ein går litt nedover og passerar nordenden av Ytre Mørkedalsvatnet på høgre side.  Frå her så går det oppover i ei noko bratt kneik opp til Midtre Mørekdalsvatnet, som ein går på nordsida av, før ein får ei mindre kneik opp til Indre Mørkedalsvatnet.

Ein kryssar bekken som renn frå Indre Mørkedaslvatnet, og går eit lite stykke langs vatnet mot ein liten varde, ved denne varden så set ein nasa nesten beint mot Ulserhaug.  Det er no ca. 1 km igjen og 100 meter med stigning før ein er på toppen.  Her er det noko tunggått, då stien går igjennom ein del tuver og lyng, mens den samtidig et høgdemetre.  I det ein nærmar seg sjølve oppstiginga til toppen så blir det litt myrlendt, før ein tar i veg, på for det meste fjellgrunn, det det siste vesle stykket opp til toppen av Ulserhaug.

På toppen ligg ein turpostkasse, her legg speidarane kvart år ei bok som ein kan skriva namnet sitt i, den ligg ut i sommarhalvåret til og med oktober.   Ulserhaug den fjerde toppen i den velkjente Hardhausen, «6 toppar på ein dag» turen i Vikebygd. 

Frå toppen så kan ein gå vidare til Bjordal, Longåsdalen,Morgonsvatnet, Sætrfjell,  eller tilbakesame vegen.

 

 

 

 

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.