Tur til Trodlafjell, 637 m.o.h, Vikebygd 

Type:
Fottur, Fjelltur
Lengde:
Ca. 8,8 km
Varighet:
2 timer +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Område:
Sesong:
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Toppen på Trodlafjell ein kveld i februar

Toppen på Trodlafjell ein kveld i februar

Foto: Roald Årvik Bilde fra Tur til Trodlafjell, 637 m.o.h, Vikebygd av Roald Årvik. Tilgjengelig under en CC BY-NC-SA 4.0 lisens.
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Denne turen går frå kyrkja og opp til Vikebygd sitt høgaste fjell, Trodlafjell, 637 m.o.h. og tilbake same vegen.

Ein går opp mot krysset ved fylkesvegen og tar til venstre der, og tar så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper.  Ein skal følgja skilt mot Viekstølen.

Føl grusvegen rake vegen oppover forbi Vassverket sitt reinseanlegget, her blir det ein god del brattare dei neste 800 metrane opp mot Kleivane.  Ved Kleivane så flatar vegen seg ut, og det går jamt oppover mot Longavatnet.  Longavatnet ligg på om lag 290 høgde over havet.

Ved Longvatnet så går ein på venstre sida ( nordsida) av demningen og føl sti langs vestenden av vatnet før den svingar oppover i terrenget, etter ca. 300-400 meter på ein sti i fint skogsterreng med noko stigning så er ein over tregrensa.  Her er det eit stykke med nokre våte parti før ein er ved krysset som syner vegen opp til Trollafjell.   Dette krysset ligg på ei lita myrflate.

Ved krysset tar ein til høgre ( austover) opp eit lite bratt berg og vidare over ei myr før det for alvor byrjar å stige oppover.  No står den tyngste delen av turen att, det blir ein del brattare, men ikkje verre enn at ein kjem seg fint oppover og kan nyta utsikten som blir betre og betre etter kvart.

Stien buktar seg oppover til den flatar ut nokre få hundre meter frå toppen, siste del av turen er på fjellgrunn i nokså slak stigning fram mot toppen.

På toppen har ein utsikt i alle himmelretningar, det ligg og ute ein turpostkasse som i sommarhalværet inneheld ei bok.

Etter ein rast på toppen, så ber ferda vidare tilbake same vegen, eller ein kan velja å gå vidare mot Troddlanibbå,  sjå lenke lengre nede på denne sida for tur detaljar.

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.