Tur til Sætrafjellet, 524 m.o.h., i Vikebygd, med innlagt svipptur til Slåtteskarnuten 

Type:
Fottur
Lengde:
Ca. 7,4 km
Varighet:
2 timer, 10 minutter +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Barn
Område:
Sesong:
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
nov
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Denne turen start ved kyrkja, og tar deg sørover til Slotteskarnuten og Sætrefjell, returen går tilbake same vegen, men uten å gå oppom Slotteskarnuten.

Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper.

Føl grusvegen rake vegen oppover til like nedanfor reinseanlegget til vassverket, der tar ein til høgre gjennom ei grind og inn på ein skogsveg, det heng skilt som peikar ut kursen ved grinda. ​Skogsvegen går ned ei lita dump før den svingar til venstre, føl skogsvegen oppover, der den deler seg held ein til venstre. 

Etter ca. 4-500 m på skogsvegen kjem ein fram til ein velteplass, her går ein igjennom det ned trakka nettinggjerdet og inn i skogen, like etter så tek ein til høgre og føl merkjepinnar mot vest til ein kryssar ein bekk. 
​ Så føl ein bekken oppover Røssedalen mot sør i 200 m til den snur mot vest igjen opp ei skrent, før ein føl ryggen til dalen vidare oppover i retning av Orrestellet,  Like før Orrestellet svingar stien opp ei bratt skrent og ein føl ryggen til Røssedalen vidare oppover til ryggen endar ved ei myr. Ein stig ganske jamt i terrenget heile vegen og ved myra er ein på omlag 370 meter. Undervegs så har ei passert fleire plassar som gjev flott utsikt over Vikebygd og lengre nordover. 

​Ein kryssar myra og legg så i veg opp Slåttskar, i øvre del av skaret skjer stien mot vest mot Budalen.  Her kjem ein til eit kryss der stien deler seg, og ein kan gå omlag 200 så er ein på toppen av  Slåtteskarnuten.  Her finn ein nok den beste utsikten av Vikebygd sett frå sørsida av bygda. Det er ikkje merkja sti frå toppen av Slåttskarnuten mot Sætrafjellet, så ein lyt ned att til krysset for å finna merkja sti vidare mot Sætrafjellet.

​Stien går vidare eit stykke langs Slåtteskarnuten, før den dreier mot vest og sørover igjen opp eit litt bratt skar, der ein øvst går langs ein bekk.  Bekken har sitt utspring frå det vesle vatnet som ligg nord for, det ein god del større, Stemmevatnet.  Det er mura opp ein stem i dette vesle vatnet, den er verdt å ta ein kikk på. Dette har tidlegare vore drikkevasskjelda for Dommersnes, så her er det berre å sløkka tørsten for dei som vil.

​Ein går langs dette vatnet til ein kjem til Stemmevatnet der ein kryssar bekken og føl stien opp eit lite skar, der får ein for fyrste gong sjå målet for turen, Sætrafjellet.  Frå her er det berre å fylgja stien mot toppen, ein har no tatt dei verste stigningane, og det er ganske flatt og slakt oppover.  Frå toppen har ein god utsyn over heile Ålfjorden, og omkring liggjande område.


Sætrafjellet ligg rett ovanfor og aust for badeplassen Skjeljavika. Her ligg det ein turpostkasse der det er ei bok i sommarhalvåret for den som vil føra inn namnet sitt.  Sætrafjeller er topp nr. 4 i den kjende Hardhausen, "6 toppar på ein dag" turen i Vikebygd.


​Frå toppen er det og merkja sti vidare mot Bjordal, via Grautavatnet og Bårefjell, eller ein kan gå til Ulserhaug  om ein ikkje ynskjer same vegen tilbake.

 

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.