Vetvika - et naturhardt paradis 

Type:
Fottur
Lengde:
Ca. 15,6 km
Varighet:
1 dag +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Krevende +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Voksen
Område:
Sesong:
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Foto: Martin Hauge Vetvika 27062010 av Martin Hauge. Tilgjengelig under CC BY-NC 4.0 lisens.
Fylke: Sogn og Fjordane
Keipen Turlag

Altfor få i Sogn og Fjordane kjenner ei av dei vestlegaste naturperlene våre – Vetvika i Bremanger. Du kan komme dit sjøvegen – helst på ein fin sommardag – men det er for lettvint. Den store naturopplevinga får du ved å gå turen frå Svarstad på Bremangerlandet og over fjellet. Heile vegen både fram og attende, er godt merka. Merkepinnane står med 50 til 70 meters mellomrom. Det er såleis mogeleg for ukjende å ta turen heilt på eiga hand.

I starten følgjer ein vegen som får opp til fjernsynssendaren på Steinfjellet. Kommen opp på kring 420 moh. er det berre å følgje merkepinnane vidare. Etter ein knapp kilometer deler stien seg. Det er då mest vanleg å ta til venstre, gå vidare over høgda nord for Karihaugen til ein kjem fram på kanten og kan sjå ned i Vetvika. På forsommaren er grasslettene i vika irrgrøne i sterk kontrast til den kvite sanden. Det er ei kraftig naturoppleving å stå oppe i lia nokre hundre meter over sanden og nyte synet. Turen ned bakkane kan vere litt krevjande, men ikkje vanskeleg for nokolunde flakkføre personar. Turen ned endar inst i vika – rett ved sanden.

Har ein først teke turen ned i vika, er det også verd å ta turen ut til moloen på sørsida. Då går du også forbi den særeigne kyrkjegarden som ligg innegjerda på innmarka. Ein fin sommardag er det berre idyll å vitje Vetvika. Om du ikkje set for høge krav til sjøtemperatur, har du ei sydlandsliknande badestrand å boltre deg på. Ein styggevêrsdag med regn og storm kan Vetvika vere skremmande. Storhavet står rett inn på vika. Den vesle moloen er då til lita hjelp. Men i dag fer vi berre dit på godvêrsdagar for å få den gode naturopplevinga.

Lettaste vegen heim att går om Ura. Då følgjer du merkepinnane til Solheim og langs nordsida av Solheimsvatnet. Ved enden av vatnet tek ura til med jamn stigning til kring 450 høgdemeter. Stien held seg så slakt stigande forbi nokre sel på sørsida av Fåvatnet. Snart møter du punktet der stien til og frå vika møtest.

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.