Frå Trodlafjell til Trodlanibbå, Vikebygd 

Type:
Fottur, Fjelltur
Lengde:
Ca. 2,6 km
Varighet:
1 time +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Barn
Område:
Sesong:
mar
apr
mai
jun
jul
aug
sep
okt
Fylke: Rogaland
Profilbilde for Roald Årvik
Roald Årvik

Denne turen går frå toppen av Trodlafjell fram til Trodlanibbå, det er forskjellige måtar å koma til Trodlafjell og Trodlanibbå på, sjå lenker lengre nede på sida.  Turen vil i store deler gå i ein bue på fjellryggar rundt Trodlavatnet lengre nede under Trodlafjellet.

Turen startar ved Varden på Vikebygd høgaste fjell, Trodlafjell, 637 m.o.h.  Me føl ryggen av fjellet nordover og nedover i nokre hundre meter, før den stig slakt oppover mot ein liten rygg, deretter skjer stien  vestover og nedover ei slette, før ein føl ein bergkant og er nede på ei lita myr.

Frå myra så  stig stien noko bratt oppover og vestover over litt lyng og gjengrodd ur, før ein kjem til eit bergparti som er noko bratt. Vel oppe på dette  bergpartiet så er det opp eit lite skar, og stien flatar ut att.  No er ein på austsida av Skrefjellt.  Me går langs denne austsida sørover, i det stien byrjar å gå nedover att så er ein berre ca. 100-200 meter frå høgaste punkt på Skrefjellet., 627 m.o.h.  Så ein avstikkar opp der kan vera på sin plass, før ein går vidare på turen  mot Trodlanibbå.

Turen ber vidare vestover ned lang ei fjellside og forlet Skrefjellet, på veg ned dit så ser ein til Olatjørn, som ein skal passere like sør for. Etter ein har kryssa den vesle bekken som renn frå Olatjørn så er går stien vidare sør-vestover framleis i ope lende, ein går litt opp og ned i terrenget til ein kjem fram til ei lita slak stigning fram mot Trodlanibbå.  På toppen av denne stigninga så ser ein ned til Trodlanibbå, og dei siste få metrane går som ein lek.

Høydeprofil

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.