Fottur Norddalsfjord Gravplass til Litlevatnet, Storevatnet og Støylen (Fessestølen)

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 10,9 km
  • 3 t, 45 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 288 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar frå gravplassen i Norddalsfjord.

Det er merka med raudt. Vi følger skogsvegen til Litlevatnet til den sluttar og går over brua. Vidare går du på godt merka sti.

Det er fleire elver og bekker som går til Litlevatnet nede på Øyna(lokalt navn). Området kan vere vanskeleg å gå ved høg vasstand pga nedbør og snøsmelting.

Kryss elva frå Hestedalen på bru. Stien fortset vidare opp den trange dalen Kupene forbi Nesjeholten og innover mot Storevika ved Storevatnet. Litt bratt opp ei kneik frå Storevika og terrenget flatar ut mot Fessestølen / Stølen på 170 moh. Dei gamle stølstuftene finn ein ikkje lengre.

Her går ein i gammal skog med eit gammalt eiketre som er holt og som du kan stå i. Det er merka opp til den store furua og den hole eika. Her kan ein gå frampå og sjå ned til Fessevatnet og du ser Grønskredfossen. Videre er det merka til tuftene til den gamle Fessestølen, her ser du ned på Storevatnet.

Om stølslivet på Fessestølen kan ein lese i boka: "Ferdslevegar i fjella mellom Norddalsfjord, Hyen og Eikefjord" som Jostein Midtbø har skrevet. Det var Rakel Kalsvik som støla.

God tur!


Adkomst med egen bil

Følg Rv 614 til Straumsneskrysset og vidare på fylkesvei 544
Annonse

on the path