Vi jobber med å oppgradere UT.no! Ta gjerne en titt på betaversjonen på ny.ut.no. Du finner helt sikkert masse feil og mangler, men vi setter uansett stor pris på tilbakemeldinger.

Grytadalen - Holten/Akslaholten - Rundevatnet. Rundtur 

Type:
Fottur
Lengde:
Ca. 6,0 km
Varighet:
3 timer +
  • Bereget gangtid for en voksen mann, i god form, uten pauser. Les mer om tidsberegning her
Gradering:
Middels +
  • Alle turforslag på UT.no er gradert i henhold til Merkehåndboka. Les mer her
Passer:
Voksen, Barn, Senior
Område:
Sesong:
Hele året
Utsikt frå Holten/Akslaholten mot Florø skjærgården og Slettevarden til høgre.

Utsikt frå Holten/Akslaholten mot Florø skjærgården og Slettevarden til høgre.

Foto: Arnfrid Bergheim
Fylke: Sogn og Fjordane

Tur på fjellet frå Grytadalen, her er det fint fjellterreng. Turen er ein naturoppleving og kan gje mange fine minner om dyreliv, planter og fiskeoppleving (sommartid og husk å kjøpe fiskekort). Terrenget er lett å gå. Du treng ikkje gå på alle toppane for å få fin utsikt, du får ei flott utsikt berre ved å vandre rundt i terrenget.

Tar du turen opp på toppane er det flott utsikt ut mot Alden/Bulandet, øyriket utanfor Florø og nord til Hornelen. Ein har også fin utsikt innover fjellheimen, der Haukåbøra / Børa stikk seg majestetisk opp.

Det er merka løype vestover fjellet til Årebrot, del av Flora Turlag si rute frå ”Hav til Bre”. Stien startar på avkjørsla før ein kjem opp til parkingsplassen ved tunnelen i Magnhildskaret som ligg på ca 400 høgdemeter. På plassen er det informasjonstavle. Like ved vegen ligg første fiskevatnet, Kupevatnet og området er vokse til av ein del fjellbjørk, krattskog. Litt lenger vest deler stien seg. Vel du å gå mot venstre, kan du gå fram til Rundevatnet og Klauvestølen. Litt lenger nede ligg Keipevatnet. Fortset du rett fram har du Langevatnet på høgre side og Rundevatnet på venstre side. Det er ein motbakke opp til Akslaskaret. Er du litt sliten etter oppoverbakken, gløymer du fort det, når det fine naturterrenget vestover opnar seg etterkvart som du kjem gjennom skaret.

Holten/Akslaholten er 640 moh

Høydeprofil

Nyttige lenker

Flora Turlag
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.