Sunnhordland

Foto: Ut.no

Sunnhordland ligg i Hordaland fylke og er ein del av Fjord Norge. Regionen består av dei åtte kommunaneAustevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad,Stord, Sveio og Tysnes.

I Sunnhordland møtest vilt hav og stille fjellvidder, furete skjergard og grøderikt landbruksland, lune idyllar, blåfrosen isbre og ein av landet sine mektigaste fossar, høgteknologiske nyvinningar og minnesmerke frå steinalder, jernalder, bronsealder og vikingtid.

I Fitjar finn du ein lett tilgjengeleg fjellheim med turar for einkvar smak, alt frå roleg vandring i skogen til topptur til Svartavatnet. Kjem du sjøvegen er det mange moglegheiter iFitjarøyane, som består av 365 øyar og holmar.

Nabokommunen, Stord,  er den einaste byen i Sunnhordland. Her har ein alt i nærleiken, flotte naturområder, badeplassar, gjestehamner, kulturtilbod, handelssentra og uteliv. Blant dei populære turområda finn du Landåsen med løyper frå 4 til 21 km og idylliskeHystadmarkjo naturreservat . For meir utfordrande turar kan ein til dømes gå tilKattnakken, 724 m.o.h. overStovegolvet, Stord på langs eller til Stords høgaste punkt,Mehammarsåto.

Fylke: Hordaland

 
Turforslag i området
Henter turer...
Hytter i området
Henter hytter...
blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.