Knekkevasshytta 

Type:
Ubetjent
Overnatting:
12 senge­plasser
Sesong:
469 moh. i Bremanger i Sogn og Fjordane
Lat/Long: 61°46'47"N, 5°20'41"E

Keipen Turlag

Knekkevasshytta vart bygd i samband med den store kraftutbyggjinga i Svelgen tidleg på 1900-talet og var teken i bruk i 1917. Der har vore innlagt straum og vatn som diverre er fjerna no. Eigar er no SFE og Keipen Turlag har disponert og utført svært mykje vedlikehaldsarbeid gjennom mange år. Såleis er hytta no fullstendig restaurert med nytt tak, nye vindauge og ny kledning.

Hytta har i 2017 vorte oppgradert og har no 12 nye sengeplasser fordelt på fire soverom, eit i 1. etasje og tre i 2. etasje. I 1. etasje er det eit vindfang, gang, to stover og kjøkken. I eine stova er det vedfyring og kjøkkenet er utstyrt med gassbluss. I tillegg er der to små boder, eit brukt til vaskerom og det andre som lagerplass for kjøkkenutstyr. Du finn ekstra madrasser og sengetøy på bod i 2. etasje.

Ved er lagra i kjellar eller i boda på utedoet. Her vil du óg finne bålpanne.

Vatn finn du i Knekkevatnet rett bak hytta eller i elv aust for hytta. Då går du stien tilbake ca 150 m og vidare rett aust der T-stien går ned bakken. Der er tydeleg trakk.

Brannsløkkjingsapparat er plassert i gang 1. og 2. etasje.

Hytta har DNT- lås.

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

Bekalger. Vi har for tiden ikke tilgjengelig værvarsel for denne hytta.

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.