Kinn 

Type:
Ubetjent
Overnatting:
9 senge­plasser
Område:
Sesong:
8 moh. i Flora i Sogn og Fjordane
Lat/Long: 61°33'56"N, 4°46'2"E

Vil du oppleve og bu på øya Kinn, lengst vest i havet ved Florø.  Kinn er mest kjent for middelalderkyrkja, Kinnaspelet og fine turmulighet.  Det og fantastiske padle moglegheit med Kinn som utgangspunkt. Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten.

Her kan du overnatte i det gamle skulehuset. Her var det skule frå 1920-talet. I 1. etasje var skulestova og på loftet hadde læraren eit rom og kjøkken. 

Er du medlem i DNT får du leie nøkkel til hytta på turistinformasjonen i Florø.

På hytta er det fult utstyrt kjøkken, skolestove, sovesal på loftet og eit dobbeltrom. Det er dusj og toalett. Det er varmepumpe og ikkje vedomn på hytta. Vi anbefaler at vatnet frå spring kokes. Trenger du hjelp med bagasje etc er det ei tralle ved hytta som kan brukast til det formålet.

Øya Kinn har ei rik historie med den gamle steinkyrkja, Kinnakyrkja frå 1100-talet som eit høgdepunkt. Segnene om heilagfolket og sankta Sunniva som kom over havet frå vest og stranda på Selja og Kinn, har alltid gjort inntrykk på folket her. Det kjende seglingsmerket «Kinnaklova» ligg vest på øya. På øya ligg den gamle handelstaden i Kinnasundet frå 1600-talet og like ved øya ligg det store havfyret Ytterøyane Fyr som vart bygd i år 1881.

Naturen på den grøne øya heilt vest i havet er heilt unik. Her får du det vide utsynet og solnedgangen i horisonten. 

Kinn inngår som siste stopp på arrangementet øyane over som Flora turlag arrangerar kvar vår i mai. På øya vert også det kjende friluftsspelet «Kinnaspelet» framført gjennom eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane teater og Kinnaspelet. Spelet vert halde 3. helga i juni og det er over 100.000 som har sett spelet til no. www.kinnaspelet.no

Hytta er stengt helga då Kinnaspelet er - 3.helg i juni

09. - 11.september  Gruppe på 9 personar på Kinn

 

 

Fasiliteter
  • 220V
  • dusj
  • Vann
  • Wc
  • Båttransport
  • Barnevennlig
  • Turpost
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.