Fuglesteg 

Type:
Ubetjent
Overnatting:
31 senge­plasser
Område:
Sesong:
630 moh. i Luster i Sogn og Fjordane
Lat/Long: 61°29'1"N, 7°41'28"E

Luster Turlag

Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ein opplevelse av dei sjeldne. Plassen vart rydda rundt 1650 og det budde ein, og etterkvart to familiar der oppe i tre hundre år. I 1946 vart det eine bruket fråflytta og i 1968 det andre. Det store toetasjes steinhuset som vart bygt i 1830 vart brannskada i 1985. Luster Turlag har sett i stand huset og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte. Her er det 23 senger. Låven er og satt i stand og har 8 senger. Fuglesteg egner seg godt til skoleklasser.

Steinstova er låst med standard DNT-nøkkel. Det er ikkje mat lagra i husa, men i sommarsesongen har turlaget dagleg servering av hellekaker med rømme/ syltetøy og kaffi/ saft. Fjøsbygningen er no eit stort fellesrom som kan nyttast som selskapslokale, til konsertar og andre større arrangement. Der er bord til å dekka opp til ca 80 personar og stolar til 150 for konsertar og liknande

Det er ein spanande dagstur til Fuglesteg enten frå Fortun eller Turtagrø. For dei som går frå hytte til hytte vil Fuglesteg vera eit naturleg start- eller avslutningspunkt på turen. Det er merka rute til Turtagrø. Då er ein inne på rutenettet til Jotunheimen via Skogadalsbøen eller Fannaråkhytta, og til Breheimen via Stølsdalen. Dessutan er det praktfulle turar å ta på sørsida av Austanbottstindane via Gravdalen til Gravdalen, Avdalen, Vetti eller Stølsmaradalen i Årdal.  

Besøk på nabogarden Furåsen kan vera interessant, og derifrå kan ein å gå opp på vårstølen Hovden.

Dersom du ikkje har nøkkel, kan du få tak i den hjå Stein Bugge Næss, 6875 Høyheimsvik (Luster Fjordhytter), tlf. 57 68 65 00. Nøkkelen kostar kr. 100,- (depositum) og du må vera DNT-medlem for å få kjøpe nøkkel.

Fuglesteg kan brukast frå omlag 1. mai til 1. november. I vinterhalvåret kan det vera is, rasfare og farleg å gå opp.

Prisar for overnatting og dagsbesøk 2015

 Medlem DNTIkkje medlem
Dagsbesøk kr.   40,-kr.   50,-
Overnatting vaksnekr. 200,-kr. 300,-
Overnatting ungdom 13-26årkr. 100,-kr. 200,-
Overnatting born 4-12år(saman med føresette)kr.   50,-

kr. 100,- 

Overnatting born 0-3år (saman med føresette)     Gratis     Gratis

Legg pengar i konvolutt med namnet ditt på og skriv kva beløpet gjeld, eller skriv namn, adresse og kontonummer på konvolutten og ta med deg giro og betal på nettbanken. Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og generell slitasje. NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg og hugs å stengja av gassen før du går. Sjekk at dørene er stengde som når du kom!

Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris. Kontaktperson Fuglesteg: Stein Bugge Næss tlf. 57 68 65 00 evt. e-post:stein.naess@luster-fjordhytter.com

Fasiliteter
  • 12V
  • Mobildekning
  • Servering
  • Utleie
  • Vedovn
  • Skolehytte
  • Barnevennlig
  • Turpost
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.