Kaldavasshytta 

Type:
Ubetjent
Overnatting:
20 senge­plasser
Område:
Sesong:
1260 moh. i Ulvik i Hordaland
Lat/Long: 60°42'7"N, 7°4'47"E

Voss Utferdslag

Kaldavasshytta er ei ubetjent hytte som er open heile året. Den ligg 1275 meter over havet i Ulvik herad, eit lite stykke ute på ryggen som skil Kaldavatnet i to.  Området er vilt og vakkert høgfjellsterreng, som er relativt lett tilgjengeleg frå Upsete. Dette gjer den eigna også for barnefamiliar.

I tillegg til eit eldre hus med 6 sengeplassar vart det bygd ny hytte i 1987 med 14 sengeplassar, samt eindel ekstra madrasser og rikeleg med ullteppe. Mellom dei to hyttene er uthus med do og propanlager.

Den gamle hytta har eit lite og koseleg opphaldsrom med seng/sofa og matbord, samt soverom med to køysenger.  Kokeapparat og ved i inngangsparti, her er også hundebur.

Den nye hytta har eit stort opphaldsrom med nytt kjøkken frå 2010. Den er godt utstyrt med dekketøy. I tillegg til to soverom er det eige bad med utslagsvask og hems med senger og ekstra madrasser, slik at langt fleire kan overnatta. Romsleg gang med vedlager og hundebur. Ekstra ved fins i utvendig bod.

Begge hyttene har vedfyring i opphaldsrom, lys frå solcelleanlegg og propan til matlaging menikkje proviant.

Hytta er godt eigna som utgangspunkt for flotte turar i røft høgfjellsterreng heile året. Verdt å nemna er både dei flotte vårskiturane til Vassfjøra og haustturane i området mot Vossaskavlen. For skientusiastar kjem vinteren tidleg, og fleire har førjolstur som tradisjon. Ikkje sjelden kan ein sjå spor etter reinsdyr  i området, ellers gjev dei store viddene rom for mange turistar, her går ein ikkje i kø. Det er mange vatn i området, fiskekort kan kjøpast på Upsete( sjølvbetjent kasse ved tunellmunning).  Hardhausane kan ta eit forfriskande bad.

TILRETTELAGT FOR : Hund

KART: Myrdal 1416 III

Fasiliteter
  • 12V
  • Kortbetaling
  • Vedovn
  • Turpost
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.