Gjegnabu 

Type:
Ubetjent
Overnatting:
6 senge­plasser
Område:
Sesong:
1174 moh. i Gloppen i Sogn og Fjordane
Lat/Long: 61°45'40"N, 5°50'8"E

Gjegnabu ligg høgt og fritt på nesten 1200 moh. med utsikt mot det store og sjølvstendige fjellet Gjegnen/Blånibba (1670 moh.) i nord. Arkitekten for hytta lot seg inspirere av dei spisse og kanta formane i landskapet då han teikna denne pyramideforma hytta.

Buforma iglo har vore i tankane ettersom heile hytta berre er eitt stort rom med ein imponerande sengebrisk langs eine veggen. Gjegnabu ligg i rutenettet «Frå hav til bre» (frå Årebrot i Flora til Hyen i Gloppen).

Hyttta med den finaste utsikt frå "doen".  Der døra er open når det er opptatt og lukka når der er ledig.

I 2010 kunne Flora Turlag feire 20-årsjubileum for hytta som ligg i Ålfotbreen Landskapsvernområde.

Frå hytta er det òg kort veg opp på  Ålfotbreen. Husk at breturar krev riktig utstyr og kunnskap!

Gjegnabu er ei spektakulær hytte som ligg høgt og fritt i eit spesielt landskap. Denne omtalen samt tekst og film er henta frå nettsida til Ålfotbreen Landskapsvernområde: http://www.nasjonalparkstyre.no/Alfotbreen/Friluftsliv/DNT-hytter/    Har du vert der? Tenk om sola skin!

Mediaelevar frå Firda vidareåpande skule har laga ein informasjonsfilm om Ålfotbreen landskapsvernområde:

Iver Heen Ask, og Sondre Utheim, kanskje mest kjend for den flotte filmen "Prosjekt Gloppen", har på oppdrag frå verneområdestyret laga ein informasjonsfilm om Ålfotbreen landskapsvernområde. Filmen er omlag 10 minuttar lang, og tek føre seg kvifor området er verna, kva som fins her og friluftsliv i landskapsvernområdet. Og sjølvsagt er det mange flotte bilete frå dette vakre området!

Filmen kan de sjå her.

 

Fasiliteter
  • Vedovn
  • Turpost
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.