Geiterygghytta 

Type:
Betjent
Overnatting:
88 senge­plasser
Område:
Sesong:
1229 moh. i Hol i Buskerud
Lat/Long: 60°42'3"N, 7°36'13"E

DNT Oslo og Omegn

Geiterygghytta ligg i 1224 meters høgde midt i Skarvheimen, fjellområdet mellom Hardangervidda og Jotunheimen. Naturen er storslått, vill og vakker. Den Norske Turistforening (DNT) har eit svært godt utbygd rutenett i området. Geiterygghytta, opna så tidleg som i 1914, er eit viktig knutepunkt for rutene frå Hol, Aurland, Finse og Hallingskeid.

Bestille overnatting kan gjerast direkte til hytta. Send bestilling på e-post tilgeiteryggen@turistforeningen.no

Turmulegheiter

Med Geiteryggshytta som utgangspunkt kan du velge og vrake i turmål «på øvste hylle», og mange startar turen ned Aurlandsdalen herifrå. Kanskje får du besøk av både fjellrev og reinsdyr på turen. Med berre tre km. spasertur langs grusveg, er hytta lett tilgjengeleg for både store og små. 

For barnefamiliar og andre som ønsker å gå kortare turar, er det oppmerka turstigar og løyper i nærområdet.

For deg som likar langturar, ligger DNTs godt merka rute- og løypenett og ventar.

Geiterygghytta er ei av hyttene langs Massiv-ruta.

Aurlandsdalen - Turen ned Aurlandsdalen er ein av landets mest populære og omtalte fotturar. Her får du oppleve dramstisk og imponerande vestlandsnatur. DNT arrangerer også fellesturar til Geiteryggshytta/Aurlandsdalen.

Les meir om turar og aktivitetar på Geiterygghytta og i området rundt. 

 

Kontaktinformasjon

Vertskap: Marit og John Wøllo
Tlf. i sesong 906 01 453. Tlf. utanfor sesong 970 38 140
e-post: geiteryggen@turistforeningen.no

Medlemskort Hugs å ta med gyldig medlemskort. 


Fasilitetar
Hytta har 88 senger. Det er 44 senger i hovedbygningen, fordelt på 2-, 3-, 4- og 8- sengsrom. 44 senger i 4-sengs alkover i annekset. Det er tørkerom,  toalett og dusj både i hovudhytta og i annekset.

Skuleklasser og liknande grupper:
Geiterygghytta tek gjerne i mot skuleklasser. For besøk med skuleklasse må de bestille plass på hytta ved å kontakte bestyrar eller DNT Oslo og Omegn, tlf. 22 82 28 22.

På hytta fins det naturfaglege bøker, barne- og ungdomsbøker og spel. Det fins også noko enkelt utstyr for uteaktivitetar som ballar, bocca og kubb. I tillegg er det lavvo, fiskestenger, båt og kano med vestar. Eit stort turkart viser turmulegheiter ved hytta.

Før turstart er det viktig å gjere eit godt førearbeid med turplanlegging i samarbeid med elevane.

Vertskapet er godt kjende rundt hytta og hjelper gjerne med informasjon om turmulegheiter, aktuelle aktivitetsstader og anna praktisk informasjon.

Aktuelle kart:
Norge-serien fra Nordeca: "Hardangerjøkulen 10039"   
Turkart: Aurlandsdalen (2011) 1:25 000, Aurlandsdalen (2008), Finse (2010), Hallingskarvet (2008), Rallarvegen (2010) og Skarvheimen (2010) 1:50 000 fra Nordeca, Skavheimen (2009) 1:100 000 fra Cappelen Damm 

 

Fasiliteter
  • 220V
  • Booking
  • Båt
  • dusj
  • Kano
  • Kortbetaling
  • Peis
  • Servering
  • Strømovn
  • Tørkerom
  • Vann
  • Wc
  • Vintertransport
  • Sykkel
  • Lokalmat
  • Bade
  • Fiske
  • Barnevennlig
  • Turpost
Tilrettelagt for
  • Barnevogn
  • Hund
  • Skoleklasser
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.