Grindaflethytta 

Type:
Selvbetjent
Overnatting:
14 senge­plasser
Område:
Sesong:
1090 moh. i Voss i Hordaland
Lat/Long: 60°50'36"N, 6°54'56"E

Voss Utferdslag

Grindaflethytta som er ei sjølvbeteningshytte og open heile året, ligg ved Grindafletvatni, 1086 moh, i eit fantastisk fjellområde mellom Raundalen og Sognefjorden. Hytta stod ferdig i 1972 .

Hovudhytta inneheld eit stort opphaldsrom med kjøkkenkrok, matkrok og salong. Der er to soverom med til saman åtte køyer, gang og proviantlager i hytta. I sikringshytta er det eit opphaldsrom med kjøkkenkrok, matbord og fire køyer. Det er også eit mindre soverom med to køyer og ein større gang med do og lagerplass for ved. På baksida (austveggen) av hytta er det eit lagerrom.

Hyttene har lys frå solcelleanlegg og propananlegg til koking. Opphaldsromma har vedomner til oppvarming. Det er dekketøy til 25 personar og det er eit heller velutstyrt proviantlager. Til saman er det 14 køyer som er utstyrt med doble madrassar, slik at langt fleire kan overnatta.

Terrenget rundt Grindaflethytta er variert med eit rolegare terreng mot Vossetraktene og eit heller vilt terreng mot Sogn. Dersom du ynskjer å gå andre turar enn dei T-merka rutene inn til Grindafletene, er det fullt mogeleg. Den mest kjente turen er til garden stigen ved Aurlandsfjorden. Herifrå må ein ha båtransport.

Ein annan flott tur er til Ramsøynuten som ligg nord-vest for hytta. Dette er eit fint utsiktspunkt og tar 3-4 timar t/r. Enno meir dramatisk utsikt får ein om går vidare til Vindeggi. Herifrå kan ein sjå rett ned på Nærøyfjorden, Gudvangen. Tur til Flenjabrystet (nord-aust) kan ein også tilrå. Terrenget rundt hytta er generelt ypparleg eigna til dagsturar, så vel sommar som vinter.

 

Aktuelle kart:

Norges-serien:"Aurland 10047"

Turkartserien: Nærøyfjorden (2006) og Rallarvegen (2010) 1:50 000 fra Nordeca.

Fasiliteter
  • 12V
  • Kortbetaling
  • Teltplass
  • Vedovn
  • Barnevennlig
  • Fiske
  • Turpost
Tilrettelagt for
  • Hund
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.