Vi jobber med å oppgradere UT.no! Ta gjerne en titt på betaversjonen på ny.ut.no. Du finner helt sikkert masse feil og mangler, men vi setter uansett stor pris på tilbakemeldinger.

Tvinnestølen 

Type:
Ubetjent
Overnatting:
6 senge­plasser
Område:
Sesong:
1050 moh. i Voss i Hordaland
Lat/Long: 60°44'13"N, 6°21'52"E

Voss Utferdslag

TVINNESTØLEN

Hytta ligg i Vossafjella ca 7 km nord  for Lønahorgi, med kort veg til Volahytta.

Tvinnestølen er ei ubetjent hytte, utan proviant,  som er open heile året. Hytta er eit gamalt sjarmerande stølshus; sel, og ligg fint til ved Øvsta Piksvatnet, ca 1060 m.o.h.

I 2017 er hytta blitt oppgradert. Ytterveggen i gangen er panelt og det er komme ny benk. Det er blitt bedre plass til å henja opp klær og ryggsekker.

Det er montert nytt kjøkken med ny gasstopp som gjer det trivelig å laga mat.

Sørveggen har fått nytt glas, isolasjon, vindtetting og bordkledning. Hytta er nymalt. Alt arbeid og transport er utført på dugnad.

Sjølv om hytta er oppussa har me tatt vare på det gamle stølspreget.

Hytta ligg i fjellområdet mellom Voss og Eksingedalen, vest for garden Afdal og aust for Volahytta. I området finn vi fiskevatn nok til å fylla ein heil sommar med gode opplevingar. Det er fine turmogelegheiter i fjella rundt. Det er eit rikt dyreliv i området. Ofte kan ein treffa på reinsdyr, hare og ryper med meir.

Hytta og turområdet passar både for barnefamilar og dei som er spreke.

Hytta har seks køyesenger med dyner og ullteppe. Her er vedfyring, utstyr for matstell og gass til koking.  

Området  har ikkje mobildekning.

Fasiliteter
  • Teltplass
  • Vedovn
  • Fiske
  • Bade
  • Turpost
Tilrettelagt for
  • Hund
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.